Funnen på utrygg is etter slåstkamp i sentrum
Politiet søkte etter mann etter ein valdsepisode på ei adresse. Så kom melding om mann på isen.
Søndag i 14.30-tida fekk politiet melding om mann på isen på Banktjørn, ein is som har vore skilta som utrygg i nesten ei veke.
Vedkomande viste seg å vera samme mann som politiet hadde sett etter sidan klokka 07.30 søndag morgon.
– Første melding kom i 03-tida natt til søndag, og handla om slåstkamp på ei adresse i Os sentrum. Då fekk partane påleg om å roa seg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Klokka 07.30 kom ny melding om støy som høyrdes ut som slåstkamp frå same adresse.
– Då blei ein mann funnen banka opp på adressa.
– Han var ikkje alvorleg skadd, men avhøyr og undersøkingar på staden gjer at vi mistenker ein mann for kroppskrenking.
Søk gav ikkje resultat før det sju timar seinare kom melding om mann på isen.
– Patruljen rykte ut til Banktjørn, og fekk etterkvart mannen til å koma på land. Han blei køyrd til arresten i Bergen.
Dei involverte er av utanlandsk opphav. Mistenkte er ein mann i 30-åra.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.