Politi | 20. mars 2023

Funnen pose levert til Kripos

Politiet har også fått melding om funnen mobiltelefon i Lysefjorden og plagsam ungdom på Ytre Moberg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. mars 2023 08:33

Søndag i 14.45-tida fekk politiet melding om funn av mobiltelefon ved Lysekloster kapell.

– Politiet har fått inn telefonen. Ta kontakt og gi ei korrekt skildring av telefonen, så kan du henta den, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Klokka 20.34 søndag kveld fekk politiet klage frå ei privat adresse på Ytre Moberg.

– Huseigar fortalte at han har blitt plaga av ein ungdomsgjeng som kastar stein og snøballar på huset hans.

– Vi ønskjer kontakt med desse ungdomane, seier Lyssand, som også er ansvarleg for forebygging.

Klokka 04.06 natt til måndag blei det funne ein lynlåspose med kvitt pulver på ein bensinstasjon i sentrum.

Posen er henta av politiet og levert til Kripos.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.