Gjestane fotografert frå den 900 meter lange tunellen ned til Kuhnlevika, inn i reinsehallen. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)

Fusingane fekk sjå Ohara

SNU-utvalet har tidlegare besøkt næringsområde i Fusa. Fredag gjekk turen til to prosjekt i Os.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Utval for samfunns- og næringsutvikling (SNU) i Bjørnafjorden kommune var fredag på synfaring i Ohara og Lyseparken.

Os stilte med to av fire utvalsmedlemmar, Ståle Skaatun (H) og vararepresentant Nils-Anders Nøttseter (MDG, mens Fusa var fulltallig med William Lindborg (Ap), Aud-May Boge (H) og leiar for SNU-utvalet, Svein Lang (Sp).

– I samband med kommunesamanslåinga er det viktig at politikarane frå Os blir kjent med forholda i Fusa og motsett. Då vi var på vår side av fjorden var det synfaring i eit næringsområde i Holmefjord. Vi har òg nyleg vedtatt eit næringsområde på Samnøy som er tre gongar så stort som Lyseparken, seier SNU-leiar Svein Lang.

Før SNU besøkte Lyseparken var dei i Ohara, hovudreinseanlegget for avlaup som er under bygging i Os. Hordaland Rørteknikk frå Holmefjord i Fusa er blant fleire store underleverandørar til prosjektet.

• Midtsiden på synfaring i januar 2019: Les meir og sjå fleire bilde frå Ohara

Skal legga rør gjennom Ulvenvatnet

Prosjektleiar Grete Nesheim tok følgjet med i minibuss frå rådhuset, opp til Moberg og ned tunellen på 600 meter til den 3600 kvadratmeter store fjellhallen med reinseanlegg.

Avlaupet kjem opp frå Kuhnlevika, i 900 eter lang tunell for både bilar og rørgate, og Kuhnlevika samlar ikkje berre avlaup frå bustadane frå Søfteland og ned Os-dalen.

– Vi skal òg legga rør frå Ulven, gjennom Ulvenvatnet og ned til Kuhnle før det blir pumpa opp igjen her.

Det komande næringsområdet Lyseparken skal òg senda avlaupet sitt til OHARA. 

På det meste har det vore 40-50 personar i sving med byggearbeid. Det meste av betongarbeidet er no ferdig. Anlegget skal i prøvedrift til sommaren, og skal drivast med 3-4 tilsette frå Bergen Vann når det er klart for full drift.

Ein diskusjon som måtte venta

Prislappen på Ohara har auka frå 230 til 470 millionar kroner, og kjem truleg til å auka litt til. Ein rapport som seier noko om årsaka til prisauken skulle presenterast i kommunestyret tysdag i førre veke, men saka blei utsett fordi tida blei knapp.

Utsett blei òg ein diskusjon som oppsto i løpet av synfaringa, etter spørsmål frå gjestane.

– Skal dei frå Fusa betala på reinsinga av kloakken i Os? Skal berre dei som er tilkopla anlegget dela sjølvkostrekninga, at for eksempel dei i Øyane slepp unna?

Mens Nøttseter fortalte om alternativa, ville Skaatun presisera at dette ikkje er bestemt, men skal opp i fellesnemda.

– Vi skal i alle fall ikkje ha noko kommunestyremøte her i dag, sa Lang, og turen gjekk vidare til Svegatjørn og Lyseparken.

Fleire saker