Lokal | 22. juli 2012

Fuska med 800 timar

Osing dømt for grovt bedrageri.

(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. juli 2012 07:27

Ein mann i 50-åra blei i juli dømt for brot på straffeloven paragrad 270 første ledd "for i hensikt å skaffe seg eller andre en uberettiget vinning ved bruk av uriktig eller ufullstendig opplysning".

Frå mars 2009 til juli 2010 leverte han meldekort utan å opplysa om til saman 794 timar der han hadde vært i arbeid.

Han hadde med dette skaffa seg ei utbetaling som er 81.390 kroner meir enn kva han hadde krav på.

Sikta tilsto i retten og samtykka til "forenkla pådømmelse". Nordhordland tingrett såg på dette, saman med det at har byrja å betala ned på beløpet, som "formildende".

I skjerpande retning blei det lagt vekt på storleiken på beløpet og at forholdet hadde skjedd over eit lengre tidsrom.

Osingen blei dømt til 21 dagar samfunnstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar og ei subsidiær fengselsstraff på 20 dagar.

Domfelte vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.