- 05. okt. 2020

Fylkesmannen: – Vi bør vera bekymra

Fylkesmannen i Vestland klør seg i hovudet etter stadig fleire tilfelle av død krill.

Fylkesmannen: – Vi bør vera bekymra
Død krill i Vargavågen. Foto: Ørjan Håland
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 05. okt. 2020 11:49

I august 2018 skreiv Midtsiden om funn av enorme mengder død krill i Vargavågen.

Dette scenarioet har no gjenteke seg på nøyaktig same plass som for to år sidan. Ein turgåar tipsa oss om funnet i dag, etter at han kjente lukt og fann dei store mengdene søndag.

Fleire teoriar om dette fenomenet har vore oppe til vurdering, men det ser ikkje ut til å vera eit enkelt svar på kva som er årsaka.

Havforkningsinstituttet har tidlegare tatt prøvar av død krill som har blitt skyldt i land, desse prøvane fann ingen giftstoff som kunne peika mot oppdrettsanlegg.

For enkelt å skulda på oppdrettsnæringa

Ved miljøavdelinga hos Fylkesmannen har dei ikkje eit enkelt svar på årsaka til at store mengder krill dør og blir skylt i land.

– Dette har blitt eit fenomen som ikkje berre skjer her i Noreg. Mange har lurt på om dette skuldast giftstoff frå avlusing ved oppdrettsanlegg, men det viser seg å ikkje vera så enkelt, seier seniorrådgjevar Tom Pedersen.

– Tilsvarande massedød av krill har blandt anna skjedd heilt nede i Antarktis, så vi kan ikkje skulda på oppdrettsanlegg i den saka. Det har òg vore tilfeller i Middelhavet, men med lite koblingar inn mot noko konkret.

Død krill i Vargavågen. Foto: ØH
Død krill i Vargavågen. Foto: ØH

Eit økosystem i ubalanse

Trass få tal og opplysningar som kan oppklara den døde krillen, seier Pedersen noko om den generelle tilstanden i hav og fjord.

– Det er ikkje noko å leggja skjul på at det er klimaendringar som påverkar fjordsystema våre. Det har til dømes vore oksygen-svinn og store temperaturendringar i havet, som tydeleg viser at vi har eit økosystem i ubalanse. Det skjer endringar rundt oss som vi ikkje har sett tidlegare.

– Bør vi vera bekymra?

– Ja, med tanke på klimaendringane så er jo det sjølvsagt bekymringsfullt.

Død krill i Vargavågen i 2018. Foto: Lesarbilete
Død krill i Vargavågen i 2018. Foto: Lesarbilete

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.