Kultur | 15. jan. 2026

Fylket har lyst ut midlar til «trygg og inkluderande» russefeiring

Organisasjonar og foreldregrupper kan søkja.

Fylket har lyst ut midlar til «trygg og inkluderande» russefeiring
Delar av Osrussen 2025 før avmarsj i toget i Os sentrum. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. jan. 2026 16:08

Lag, organisasjonar og foreldregrupper, i samarbeid med skular, kan no søkja om til saman to millionar kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til «trygge og inkluderande russearrangement».

Arrangement som får støtte, må arrangerast anten mellom 14. og 17. mai, eller etter eksamenstida.

Det er òg visse andre vilkår:

  • Dei må vera opne for alle som er russ i 2026.
  • Dei skal ikkje tillata at anna ungdom enn russ 2026 får delta.
  • Dei skal ikkje vera retta mot russebussar.
  • Dei må vera lokaliserte nær offentlege transportmiddel.
  • Arrangementet skal vere gratis eller ha låg eigenbetaling.

Kommersielle aktørar kan ikkje søkja om midlane, skriv fylket.

Søknadsfristen er 15. februar.

Dette er tredje året ikkje-kommersielle aktørar kan søkja fylkeskommunen om støtte til trygge russearrangement.

Russetida er i endring.

Hovudutval for opplæring og kompetanse gjorde vedtaket 22. januar 2025. Kunnskapsdepartementet flytta samtidig to av dei skriftlege eksamenane til før 17. mai.

Det langsiktige målet er at starten på russefeiringa blir i midten av juni.

Frå 2026 er det også eit forbod mot sidestilte sete og ståplassar i russebussar for auka tryggleik. Forbodet tredde i kraft 1. januar i år.

Høgdepunktet for mange, Landstreffet i Stavanger (Kongeparken i Ålgård), er utselt.

Det 39. treffet i Kongeparken går av stabelen 1. til 3. mai i år.

Årets artistar på Landstreffet er: Timmy Trumpet, Undergrunn, Soppgirobygget, TIX, Ballinciaga, Arif & Stig, oskar med k, Killen. og Møkkafønk.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.