Fyll og villmannskjøring
• Mann i fyllearresten• Villmannskjøring med båt• Kvinne "til sjenanse" på Irish Cat
Fredag i 23-tida om kvelden fekk politiet melding om ein som "kjørte som ein tulling" med båt i Øyane.
– Vedkomande skal ha kjørt nær andre båtar i høg fart sånn at det spruta vatn oppi dei andre båtane, fortel politibetjent Christine Grindstein.
Patruljen kjørte til Øyane, men fann ikkje den gule jolla det var snakk om.
Kjørt i arresten
Litt utanfor Os sentrum blei det i 00.20-tida i natt observert ein svært full mann.
– Vi tok hand om mannen, som er i slutten av 20-åra, og kjørte han til Bergen for overnatting i arresten.
Høge smell og ufin kvinne
To gongar i natt fekk politiet melding om at det var høyrt høge, skarpe smell i og rundt Os sentrum.
– Første gong var nær sentrum, andre gong, i 2.30-tida, var i Nordmarka-området, då var det to smell.
Patruljen rykte ut utan å finna noko.
– I løpet av natt til laurdag fekk vi også melding om ei kvinne som var til sjenanse på nattklubben Irish Cat. Patruljen var opptatt så den saka blei ikkje følgt opp.