Sport | 02. juni 2010

Fyller 50 i dag

Sjefssupportar, talentutviklar og tidlegare 1. divisjonsspelar Brynjar Øvstedal fyller 50 år i dag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2010 10:40

Brynjar byrja på Os som lilleputt då han var 10 år gamal, og sto i mål for Os til han reiste i militæret. På slutten av 70-talet var han reserve for Ole Johan Valle, og sto 10-15 A-kampar då Os spelte på nest høgaste nivå.

- Høgdepunktet i ungdomen var å koma til finalen i Norway Cup i 1978. Vi tapte for Molde, men det var ei stor oppleving å koma så langt, fortel han.

Som soldat blei det også fotball og høgdepunkt, i Libanon vann troppen hans ein meisterskap som blei avgjort på straffespark. Brynjar redda fire straffar og skåra eitt. Han trengte ikkje å betala for ølet sitt på festen som følgte.

Leeds og Os-ungdom
Øvstedal er også kjent som ein trufast Leeds-supportar. Av og til går turen til Leeds på kamp, noko som no blir endå kjekkare. I mai fekk Brynjar den beste bursdagspresangen han kunne fått, Leeds United slo Bristol Rovers og rykte endeleg opp frå League One til Championship.

- I går fekk eg også ein flott presang, då vann Nore Neset sitt gutelag 7-1 over Erdal i toppkamp. Sonen min Ole Martin skåra eitt av måla medan Steffen Ludvigsen var banens beste.

Brynjar er aktiv som keepertrenar, både på Nore Neset og i samarbeidsprosjektet for talentutvikling i kommunen, kalla Os-alliansen.

33 år i Veidekke
Det er ikkje berre innan fotball Brynjar er trufast. Det er i år 33 år sidan han byrja å jobba for Brødr. Hauge, som seinare blei kjøpt opp av Veidekke.

- Eg måtte nok på jobb i dag òg, men eg har fått både blomar, gåvesjekk og kake.

- Kva held deg ung?

- Engasjementet i fotballen og unge kollegaer. Og det at eg har ein fantastisk sambuar, Åshild held orden på både meg og ungane, seier jubilanten.

I ettermiddag skal han feira med familie, laurdag kveld blir det ope hus og fest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.