Fyller butikken på 8 dagar
Kiwi har tredobla storleiken på Haugsneset. Torsdag opnar den nye butikken.
Bildeserie:
Den skulle vore klar til sommaren, men utfordrande terreng i bakkant av tomta gjorde at byggearbeidet tok tid. Men då det først lausna igjen etter ferien gjekk det fort og onsdag førre veke kom første lass med varer.
– Vi fekk fem lastebilar utover kvelden og det har halde fram med å koma påfyll. No gjenstår berre dei ferskaste varene, i dag og i morgon fyller vi på med mjølkevarer, kjøtt og veldig mykje frukt og grønnsaker, seier butikksjef Linn Frøkedal Røen.
Større butikk - fleire parkeringsplassar
Førre Kiwi på Haugsneset var 430 kvadratmeter stor, denne er over 1200.
– Vi har òg fått fleire parkeringsplassar. No har vi 30 plassar i tillegg til to store for dei med handikap. Det er nesten så eg ikkje forstår korleis dei har fått så mykje ut av tomta.
Då den førre butikken stengte, i oktober i fjor, hadde den 10 tilsette. På opninga torsdag er det 14.
– Vi blir litt fleire tilsette og nokre fleire på ein del av vaktene, når butikken har blitt så stor.
– Erfaren og dyktig gjeng
Regionssjef Jan Olav Mjøs seier han er glad for at ei erfaren og dyktig dame som Frøkedal Røen held fram som butikksjef på Haugsneset.
– Ho har lang fartstid i Kiwi og leverte gode resultat i førre butikk. No ser vi fram til både opninga og drift av ein større og betre butikk på Haugsneset, ein stad som lenge har vore populær hos osingane.
Røen jobba i butikken frå 2003, då som Drageset, og var assisterande butikksjef på Kiwi Moberg før ho i 2012 blei sjef på Haugsneset.
Etter at Kiwi Haugsneset i fjor blei riven har Linn vore med på ombyggging av Kiwi på Søreide, deltatt i nyopning av ein Kiwi i Knarvik og hjelpt til på Kiwi Nyborg før ho i januar i år reiste fire månadar til Australia, blant anna for å pleia hesteinteressa på ein ranch.
– Det var ein fantastisk tur, men det var òg godt å koma heim. Eg er glad for at eg har med meg seks av dei tidlegare kollegaene mine, og for dei nye vi har fått tak i før opninga.
Utviding på Moberg
Parallelt med bygging på Haugsneset er det utviding av Kiwi Moberg.
Dette arbeidet går gjennom vinteren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.