Kultur | 13. mai 2010

Fyller festivalen

Frå Roskilde til Søfteland: Med yttarlegare tre band har brørne Lindborg nesten fylt opp programmet til årets festival.

Fyller festivalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. mai 2010 06:57

Kven er desse tre?
1. Har sleppefest for debutalbumet sitt, Ghostclocks, på Garage i morgon fredag
2. Har varma opp for Oasis og brukt fem år på på album nr 2
3. Slo Turbonegro kamp om Alarmprisen, la opp i 2007, gjorde comeback i 2008

Svar: Dei tre nyaste namna på plakaten til årets Søfteland Rock 'n' LoL, Blood Command, Serena-Maneesh og Purified in Blood.

- Eg får fleire epostar dagleg frå band som vil spela på festivalen, det er ein luksus-situasjon å kunna velja blant så mange. Men no byrjar det å bli fullt, seier William Lindborg.

Han driv Joker-butikken på Søfteland, men når det nærmar seg sommar er tankane hans stadig oftare andre stadar: Saman med broren Andreas arrangerer han 16. til 17. juli rockefestival i heimbygda for fjerde år på rad.

Les òg:
Klar for Søfteland

Venta i fem år
“Noe av det mest grensesprengende Norge har på rockefronten akkurat nå.” meiner Svein Terje Torvik i NRK om Serena-Maneesh. William har venta i fem år på albumet bandet kom med i mars i år. Det er det også mange andre som har, debutalbumet gav bandet uvanleg høg status i utlandet og no har dei brukt fem år og fleire kjente amerkanske figurar i produksjon av album nr to.

- Serena-Maneesh har varma opp for Oasis og dei siste vekene spelt på store festivalar i USA. I juli reiser dei frå Roskilde til Os og Søfteland med låta frå albumet ”S-M 2: Abyss in B Minor”.

Emil Nikolaysen (ja, han er bror til Elvira Nikolaysen) er frontfigur i bandet, som har base i Oslo.

Blodig comeback
Purified in Blood (PiB) er eit norsk band frå Hommersåk utanfor Sandnes, som blei starta i 2003, oppløyst i 2007 og gjorde comeback i 2008.

PiB ga ut sitt første album, Reaper of Souls, i 2006. Same år vann dei Alarmprisen for beste liveband i konkurranse med blant anna Madrugada, Kaizers Orchestra og Turbonegro.

Straight edge og vegansk livsstil skal ha vore diskusjonstema under oppløysinga, men bandet kom på beina igjen med same mannskap, nokre av dei konventert frå veganer til vegeterianer, men framleis med samla engasjement for dy i fangenskap.

Sleppefest for Blood Command
Plateaktuelle Blood Command kjem tilbake til Søfteland. Bandet består av Silje Tomre (vokal), Andersen (gitar/bass) og Sigurd Haakås (trommer), og har tidlegare blitt akkompagnert av osingane i rockebandet Manheads på liveoppdrag.

Blood Command kan du få ein forsmak på allereie i morgon. Då held bandet sleppefest for debutalbumet "Ghostclocks".

Blood Command spelte også på festivalen i fjor, og har etter det fått eit gjennombrot med låtane "Five Inches of a Car Accident" og "On and On Cameleon".

Arrangørar med teft
Fleire band har hatt sine gjennombrot kort tid etter at dei sto på scenen på Søfteland. Eller rett før.

- Lars Vaular var nok ikkje så kjent då vi booka han i fjor, men rakk å koma med ei landeplage allereie før festivalen vår, og i haust tok det verkeleg av for Vaular, seier William.

Les òg:
Solbriller på - også i år

John Olav Nilsen og Gjengen spelte på festivalen i fjor og slo skikkeleg gjennom i haust. Fjorden Baby, som spelte på Søfteland i 2008, er nok eit godt eksempel på band som rett før det brakte laus blei handplukka av søftelendingar.

- Vi hyrer band vi sjølv liker musikken til, og håper gjestane får oppleva musikk og band dei kanskje elles ikkje ville kome på å gå på konsert med, men i ettertid er glad for at dei fekk bli kjent med.

Dritbra budsjett
I år står fleire godt etablerte band på scenen, men også komande stjerner, som dei lokale rockarane i Abstractium.

Les òg:
Fekk festivaljobb

- I fjor var det drygt 600 på fredagen og knappe 600 i det dårlege vêret laurdag. I år trykker vi opp 1000 billettar til kvar av konsertkveldane, og det blir framleis alkoholfritt område for dei under 18 år, lover William.

- Budsjettet ser ut til å ha auka med åra, i takt med besøkstalet?

- Det første året hadde vi budsjett på 50.000 kroner. Den gong var leige av toalett den største kostnaden, ler William.

- No kan du sikkert ganga summen på utgiftene med tjue, røper han.

- Kor tid startar billettsalet?

- På nasjonaldagen. Det er stas med mange flagg på ein slik dag, avsluttar William Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.