Kultur | 30. jan. 2019

Fylte kjellaren med rap, pop og bleepjazz

Ungdom frå fleire nabokommunar valfarta til Kuventræ for konsert med seks ulike band og artistar.

Fylte kjellaren med rap, pop og bleepjazz
Nokre av dei mange unge musikarane som var på scenen i Os Rockeklubb laurdag kveld. (Foto: Hans Egil Brekke)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. jan. 2019 12:33

Bildeserie:

URO - januar 2019. (Foto: Hans Egil Brekke)

1 av 12

Dei unge arrangørane i URO, som blei starta i 2017, arrangerte i helga sin fjerde konsert.

Denne gong gjekk arrangementet av stabelen i Os Rockleklubb sitt lokale på Kuventræ.

På plakaten sto seks band og artistar:
• Z&F: Jenteduo frå Fusa
• About Character: Alternativ rock med Ole Jørgen og Leon
• Fucales: Fersk skrangletrio frå Bergen
• NAOMI: «To unge pene som ikke liker å trene og hater å sitte heme»
• Jonas: Dansbar bleepjazz frå guterommet
• DERIN: Bergensrappar og Eggstock-vinnar

– Konserten blei godt besøkt. Folk kom tidleg og blei verande til det var slutt, fortel Lilly Mae Grønvigh, ein av arrangørane i URO.

Sjølv om konserten starta allereie klokka 17 laurdag ettermiddag, kom folk raskt i god stemning.

– Mange forbinder nok URO med rock, men denne gangen var det verkeleg god variasjon i sjangrar og mykje dansbar musikk. Headliner DERIN blei naturlegvis ei god avslutting på kvelden, men det var fleire som skapte liv på dansegolvet.

Jonas er blant dei som blir nemt.

– Det såg ut som om han skulle rigga opp til LAN-party med utstyr og skjermar. Eg trur dette var hans første konsert, men han var kjempeflink, og folk likte musikken hans veldig godt.

– Kjekt å sjå publikum kosa seg med livemusikk

URO hadde open kiosk på det rusfrie arrangementet. Dei seks banda var raske med å spela seg gjennom repertoaret, og konserten var over før klokka 22.

– Vi er 16 arrangørar i URO, men det er likevel travelt, spesielt inn mot konsert-start. Men det er både gøy og lærerikt, og det som driv oss er å sjå publikum kosa seg med livemusikk.

Det er førebels ikkje sett dato for neste URO konsert, men URO reknar med at det blir éin til i løpet av 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.