Fylte Os med syklistar
Vårslepp i Os sentrum: Uteservering på Telthusplassen, 170 deltakarar i Tour for kids og tett med båtar langs gjestebrygga.

Bildeserie:
Årets Vårslepp i Os sentrum hadde maks flaks med vêret. Etter ei veke med sol, men låg temperatur, kom det skikkeleg t-skjorte-vêr til Vestlandet i dag.
På Telthusplassen er det rigga opp eit partytelt til kveldens konsert med ORBO & The Longshots og Vegard Skorpen Band. Arrangørane hadde fått utvida skjenkeløyve, så i dag blei det for første gong servert utepils på nye Telthusplassen.
På Torget sto Os Turn Fotball og arrangerte triksekonkurranse. Resultata frå denne kjem vi tilbake til, supplert med ein video av dei fire Os-spelarane, som sat i juryen, i duell.
I Os hamn gjekk årets første runde i vestlandsmeisterskapen av stabelen, og Marcus Slettebakken, som har gått opp ein klasse, gjorde det med sin bronsemedalje best av dei tre osingane som deltok.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.