Lokal | 07. juni 2017

Fylte på med meir «åker» på Øyro

Os Bondelag 150 år: No gror det fire gongar så mykje kål og poteter midt i sentrum.

Fylte på med meir «åker» på Øyro
Erlend Moberg kom til Os med Olav Botnevik i går, for å setja ut seks nye kassar på Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juni 2017 07:01

Bildeserie:

«Traktorføraren» fekk beskjed om å halda seg i ro. (Foto: KVB)
«Traktorføraren» fekk beskjed om å halda seg i ro. (Foto: KVB)
No er 8 av 10 kassar på plass. I september blir det festmiddag. (Foto: KVB)
No er 8 av 10 kassar på plass. I september blir det festmiddag. (Foto: KVB)
1 av 2
«Traktorføraren» fekk beskjed om å halda seg i ro. (Foto: KVB)
No er 8 av 10 kassar på plass. I september blir det festmiddag. (Foto: KVB)

I april fortalde Os Bondelag om korleis dei vil skapa eit sentrum «til å eta opp». Det som gror i gatene på Osøyro no skal nemleg etast i Os sentrum under ein stor og svært kortreist fårikålmiddag på Bondens Dag 30. september.

I samband med at Os Bondelag fyller 150 år blir det i 2017 ein utvida versjon av Bondens Dag.

– Det blir nesten ei landbruksmesse, seier Olav Botnevik og ler.

– Vi skal ha fleire dyr med til sentrum enn før, og samlast på grusplassen ved ungdomsskulen. I Landboden, mellom Øyro og grusbanen, kjem det til å stå mange landbruksmaskiner utstilte.

Før kåring av det flottaste værlammet og servering av fårikål må dei få sauane ned frå fjellet, derfor er årets feiring av landbruket fire veker seinare enn normalt.

Aukar frå 2 til 10 dyrkingskassar

Under Vårsleppet i Os sentrum siste helga i april blei dei første to dyrkingskassane sett ut. Kassane er produserte av Os Asvo.

Tysdag kveld kom bøndene Olav Botnevik og Erlend Moberg til Os med kvar sine traktorar for å fylla på med fleire kassar.

– I kveld har vi med seks kassar, og det gror allereie godt i alle, seier Botnevik.

Til saman skal ti kassar plasserast ut, så dei som ferdast i sentrum kan sjå korleis det gror.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.