Lokal | 09. mars 2020

Fyrte av rakett på Catten og hoppa i Oselvo

Politiet rykte ut etter at vaktane hadde fått mannen på land igjen.

Fyrte av rakett på Catten og hoppa i Oselvo
Politiet rykte ut til Catten natt til søndag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mars 2020 09:01

Klokka 02.15 natt til søndag blei politiet kontakta av vaktane på Catten Nightclub.

– Ein mann hadde tent på noko fyrverkeri inne på nattklubben. Då han blei tatt ut av lokalet hadde han røska seg laus og prøvd å rømma ved å kasta seg på elva, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Vaktane fekk mannen på land før politiet kom til staden. Mannen, som er i 20-åra, blei dimittert etter avhøyr, men vist vekk frå Os sentrum.

– Det er oppretta sak. Å tenna på fyrverkeri innandørs, på ein nattklubb med fleire andre gjestar, har stort skadepotensiale, seier politiet.

«Da har vi vært vitne til årets idioti. En av gjestene våre har fyrt av en rakett nedi ene toalettet (...) Dersom noen av dere andre gjester hadde en ubehagelig opplevelse rundt dette geniet, vær så snill å ta kontakt» skriv Catten Nightclub på si Facebook-side.

Mannen hadde narkotika, kvinna hadde tjuvgods

Laurdag ettermiddag kontrollerte politiet eit par dei møtte i Os sentrum.

– Mannen hadde mindre mengder narkotika på seg, kvinna hadde klede som ser ut til å vera tjuvgods.

Politiet hadde ikkje ferske meldingar om tjuveri frå butikk, men kleda hadde på seg alarmbrikke, og ser dermed ikkje ut til å vera betalt for.

Rusa kjenning på terminalen med ungdomar

I 21-tida laurdag kveld var politiet innom Os terminal. Der møtte dei ein rusa mann i 40-åra.

– Han hadde både alkohol og nokre reseptbelagte medisinar. Desse tok vi beslag i, og gav han frist til i dag med å visa ein eventuell resept. Kan han ikkje visa dette blir det oppretta sak.

Politiet veit ikkje om det har vore dialog mellom mannen og ungdomane som var på staden, men synest det er bekymringsfullt om ungdom i utsett alder er på terminalen på kveldstid, samtidig med vaksne i rusmiljøet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.