Lokal | 06. jan. 2011

Fyrverkeri og rus

Politirapporten: Fyrverkeri på Nore Neset Skule og rus i sentrum.

Fyrverkeri og rus
Andris Hamretorsdag 06. jan. 2011 09:03

Politiet fekk onsdag førmiddag melding om at elevar på Nore Neset skule skaut opp fyrverkeri i skuletida.

- Vi rykte ut til skulen og hadde ein prat med elevane som hadde fyrverkeriet og med ledelsen ved skulen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik til midtsiden.no

Politiet ser alvorleg på ulovleg bruk av fyrverkeri og kjem til å fylgja saken opp med skulen og elevane. I Os er det totalforbod mot fyrverkeri utanom dei timane lensmann og brannmester gjev amnesti for nyttårsaften og natt til første nyttårsdag.

Brukte kjeft
Ein rusa mann gjekk onsdag rundt i Os sentrum og brukte kjeft på forbipasserande.

- Patrulja snakka til mannen og sjekka om han hadde rusmidler på seg. Noko han ikkje hadde, seier Sperrevik.

Seinare på dagen var dei igjen i kontakt med mannen som då hadde tatt seg inn i eit bygg i sentrum kor han ikkje var ønska.

- Han blei satt i marsj vekk frå sentrum, forklarar Sperrevik.

Ransaking
Tidlegare på dagen hadde politet ei ransaking i en bustad på Os på jakt etter narkotika.

- Mannen i husværet blei tatt med til avhør og seinare dimitert, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.