Lokal | 06. jan. 2012

Fyrverkeri og tjuveri

Politirapporten: Fyrverkeri smalt i ruta. Mann stal jakke etter besøk på lensmannskontoret.

Fyrverkeri og tjuveri
Fyrverkeri er berre lov å sende opp mellom klokka 18 og 02 nyttårsaften (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 06. jan. 2012 10:07

Medan etterforskinga etter drapet i Gamleheimshagen pågår for fullt får lensmannskontoret også andre saker dei må ta hand om.

- Vi på jo freiste å ta unna andre ting også, seier politioverbetjent Terje Sperrevik når vi tek kontakt for ein status frå det siste døgnet.

Besøkte lensmannskontoret - Stal jakke

Torsdag var ein person innom lensmannskontoret ein tur.

- Etter å ha vore her gjekk han rett bort i sentrum og tok ei jakke i ein butikk.

- Han blei meldt og stoppa like etterpå, slik at jakka noe er levert tilbake. Saka vil bli videre fulgt opp, fortel Sperrevik.

Fyrverkeri smalt i ruta

I 21-tida torsdag kveld fekk politiet melding om at eit fyrverkeri hadde truffet ei rute i eit husvære i Os.

- Vi var på staden, men fann ikkje dei som hadde fyrt det opp. Vi vil følgje opp saken vidare.

- Det er ikkje lov til å sende opp fyrverkeri utanom nyttårsaften, så dette var ei totalt unødvendig handling, avslutter Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.