Galacticos vann mixklassen

To tittelforsvarar gjorde jobben sin, T Ullrich og Aust om Elvo hadde strålande comeback - og Preben Borgen har stabla på beina eit uslåeleg mixlag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag var det sluttspel i MidtsidenCup, med jamne kvartfinalar og mindre jamne finalar.

I herrar elite gjekk to kvartfinalar til straffekonk, der FC Beken slo ut Boingklubben og fjorårsfinalistane FIFA blei slått ut av The New Yellow Fellows sin keeper Kjetil Kvåle. Kvåle skåra sjølv og gjekk så i buret for å redda førstedivisjonsspelar Vegard Leikvoll Moberg sin straffe.

Frykta ikkje sjukmeldingar

Gatecupens beste firma, Aarvik Gladiators, hadde dagleg leiar Kjell Aarvik si velsigning til å delta. Han frykta ikkje at gladiatorane skulle bli sjukmeldt, laget besto utelukkande av tømrarar frå firmaet.

Aarvik tok seg heilt til semifinalen, der dei måtte gje tapt for T Ullrich.

Suverent comeback

T Ullrich, som vann både i 2011 og 2012, sto over i 2013, men kom knallsterkt tilbake i eliteklassen i år.

– Nøkkelen er gode spelarar som kan trilla ball, og god breidde i stallen, avslører manager Dag Tore Skjelde.

T Ullrich var like suverene i finalen, der dei slo Yellow Fellows 4-0 etter tre mål av Baste Jonassen og eitt av Frode Øye.

Ein rein Aust om-finale

Veteranane i Aust om Elvo, som vann gatecupen år etter år på 90-talet, imponerte nok også seg sjølv då dei tok seg heilt til finalen i herrar amatør.

Etter siger i kvartfinalen redda superkeeper Valter Midtsæter plass i finalen med redning på straffekonk mot FC Stolpeskudd.

I finalen venta tittelforsvarane frå i fjor, Emilis Zilinskas med mannskap frå Aust-Europa. Osingane kjempa hardt og hadde sjanse til å ta leiinga to gongar før Beast from East sin tidlegare toppspelar i moderlandet gav tittelforsvararane leiinga.

Også på 2-0 hadde osingane nokre større sjansar, men Beast hadde ein keeper som fanga alt, og tittelforsvarane vann til slutt 4-0.

Fleire beist i dameklassen

Også i dameklassen var det tittelforsvararar i finalen, No Name, No Fame kjempa mot same motstandar som i fjor, The Warriors, og stilte med nye drakter som gjorde det tydeleg at Beast-modus var slått på.

Krigarane måtte gje tapt i år òg, No Name vann heile 7-1.

Slo Superlaget

I fjor var den tidlegare mixklassen utan deltakarar, i år stilte seks lag opp. To debutantar tok seg heilt til finalen, Superlaget vann pulja og slo Kiwi Moberg 6-1 i semifinalen.

I finalen møtte dei Galacticos, som tok seg til finale ved å slå NDM 3-2 (etter å ha leia 3-0).

Preben Borgen og resten av Galacticos fekk eit godt forsvar å kjempa mot, men tok til slutt ein grei 3-1-siger og sikra seg gullet i mixklassen.

Midtsiden kjem tilbake med video og fleire bilde frå finaledagen.

Laurdag kveld er det fleire fotballfestar i Os, både Os og Lysekloster sine A-lag har fest og fleire cupdeltakarar er samla på Solsiden.

 

 

Fleire saker