Kultur | 16. nov. 2010

Galleria startar jula

Både Galleri Oz og Galleri Vedholmen opnar juleutstillingane sine i løpet av veka.

Galleria startar jula
Andris Hamretirsdag 16. nov. 2010 08:46

Dei aktive kunstnarane i Os legg seg ikkje på latsida sjølv om det nærmar seg jul. Torsdag opnar Galleri Vedholmen si juleutstilling med musikk og underhaldning. På laurdag er det Galleri Oz sin tur med gløgg og peparkaker.

Begge galleria presenterer nye kunstnarar til juleutstillingane.

Keramikk og glass
Galleri Vedholmen har gleda av å presentere heile 4 gjestekunstnare. Felles for dei fire er at dei alle driv i sjangeren glass, keramikk og steintøy.

Ingun Dahlin viser keramiske figurer. Ho bor på Heimdal og har over eit 20-tals utstillingar bak seg. Ho har og fleire store figurative skulpturar og utendørsinstallasjonar bak seg.

Inger Johanne Bronken er attende på vestlandet for første gong på ti år. Ho arbeider på Porgrunn porselen og visar ein heilt nydesignet dekor på denne utstillinga.

Linda Lid held til på Voss kor ho lagar keramiske kanner inspirert av si utdanning frå Frankrike. Dette ser ein att i formspråket og den teknikken ho bruker når ho brenn keramikken.

Dei to siste utstillarane er Cathrine Kårevik og Niclaes Hof som driv glasshytten Varmt Glass i Bergen. Dei to leikar seg med eit av dei vanskelegste materiala, nemlig glass.

Utstilling i endring
Galleri Oz si juleutstilling vil bli ei utstilling i endring, då det i år er ei salsutstilling, så nye kunstverk vil kome inn etterkvart som salet går unna.

I tillegg til dei faste utstillerane har galleriet fått med seg Bente Haugland og Augon Johnsen på utstillinga som varar heilt fram til lille julaften.

Juleverkstad
Ønskjer du å laga dine eigne ting til jul kan Galleri Os vere staden å besøke. Fleire dager fram mot jul arrangerer dei juleverkstad der du kan få utfolda deg med mellom anna enkel nålefilting, papir- og stråarbeid, hekling og ellers det fantasien tillet. Galleriet stillar med materialet.

Sjå her for meir info om juleverkstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.