Kultur | 16. juni 2011

Gamle sjusovarar

Ein myte at eldre vaknar tidleg?: Medan kommunecruiset klokka 12 er utselt er det rundt 100 ledige plassar på jazztur med Midthordland klokka 10.

Gamle sjusovarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juni 2011 09:29

Tradisjon tru har Os kommune kjøpt to av avgangane med MS Midthordland under Osøren Blues & Jazzfestival.

Dei 140 billettane til kvart cruise, med konsert, blir selt til sponsa pris til eldre innbyggarar i Os og til innbyggarar som bur på institusjon.

– Som i fjor blei cruiset klokka 12 utselt ganske fort, men vi har framleis rikeleg med billettar igjen til det første cruiset, klokka 10, seier aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland.

Også i fjor var det ledige billettar til det første cruiset om formiddagen, og Bjørnefjordens dronning la frå kai utan å vera fullasta.

– Avkreftar dette myten om at eldre står så tidleg opp?

– Ja, det ser nesten sånn ut, ler Grete.

– Men eg kan ikkje forstå noko anna at eit cruise på fjorden, med god musikk og servering, må vera ein fin måte å starta dagen på.

– Dei som reiser med 10-cruset får dessutan mykje meir ut av dagen, reklamerer aktivitetskoordinatoren.

Samlside: Osøren Blues og Jazzfestival

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.