Brann, redning og beredskap | to timar sidan

Gamle stålskorsteinar kan vere brannfarlege!

Brannvesenet har registrert i underkant av 200 slike skorsteinar i Bjørnafjorden kommune.

Gamle stålskorsteinar kan vere brannfarlege!
Har du ein stålskorstein av typen Selkirk? Då kan du få besøk av brannvesenet dei neste vekene. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmåndag 20. apr. 2026 15:42

Bjørnafjorden brann og redning gjennomfører for tida ei kartlegging og tilsyn ved alle hus og fritidsbustader som har ein stålskorstein av typen Selkirk, også selt som Jøtul stålpipe.

– Denne skorsteinstypen har vore involvert i ei rekke alvorlege brannhendingar nasjonalt dei siste åra. Vi ønsker å førebygge slike brannar i kommunen vår, seier Arne Rødberg, leiar for førebyggande.

Slik ser skorsteinen ut frå utsida. Foto: Brann og redning, Nedre Romeriket
Slik ser skorsteinen ut frå utsida. Foto: Brann og redning, Nedre Romeriket

Isolasjonsmateriale inne i røra som dannar skorsteinen, har i mange tilfelle blitt forringa med åra, slik at skorsteinen ikkje har same isolasjonseffekt som då han var ny.

– Dette kan føre til at sjølv vanleg bruk av fyringsanlegget kan skape strålevarme som i verste fall kan antenne bygningskonstruksjonar, eller antennelege gjenstandar som står lagra inntil skorsteinen.

Skulle det oppstå ein sotbrann i ein defekt stålskorstein, vil det kunne ha kritiske følger.

Skorsteinen blei produsert mellom 1970 og 1999, og selt fram til rundt 2005 i Norge.

Han hadde berre 10 års garanti, og forhandlar av skorsteinane anbefaler i eit eige informasjonsskriv at ein skiftar skorsteinane då ein ikkje lenger kan garantere for tryggleiken ved bruk av dei.

Brannvesenet har registrert i underkant av 200 slike skorsteinar i Bjørnafjorden kommune, og eigarane vil i vekene som kjem få besøk av brannførebyggarar som undersøker at desse ikkje utgjer ein umiddelbar trussel eller fare for brann.

– Dersom du veit at du har ein slik skorstein, men ikkje mottar ei melding frå brannvesenet om at dei kjem for å sjekke denne, må du ikkje nøle med å ta kontakt med brannførebyggande avdeling!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?