Gang- og sykkelveg heilt i skodda

Kommunen prioriterer trygging av Hatvikvegen på topp, men slit med å få Statens vegvesen til å ta arbeidet med grunnavståing.

Mellom Bøvegen og krysset på Hauge er det regulert turveg, som kan nyttast som gang- og sykkelveg, men kor tid arbeidet kan starta er førebels heilt i skodda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 27. mars 2017 12:58

I formannskapet førre veke vedtok politikarane Os kommune si prioriteringsliste i samband med rullering av den regionale transportplanen for 2018-2029.

På topp står gang og sykkelveg langs Hatvikvegen frå krysset ved Hegglandsdalsvegen til Klyva (parsell 1). Prosjektet er kostnadsrekna til 100 millionar kroner inklusive mva.

– Som det kjem fram av prioriteringslista, så ønskjer Os kommune å prioritere tiltak som først og fremst betrar trafikktryggleik og framkomst for mjuke trafikantar, heiter det i saksframlegget.

– Eg tykkjer det er ei god prioriteringsliste, kor det står eksplisitt at vi prioriterar mjuke trafikantar. Det står noko her relatert til Bjånes-prosjektet, er det noko framdrift der, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG) og refererte til utbyggingsavtalen med Bjånes Fjordboliger AS og deira bidrag til opprusting av gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

Vegvesenet har ikkje tid

I mai 2016 godkjente fylkesmannen reguleringsplanen for Hatvikvegen.

– I den så ligg det inne ein fullverdig gang- og sykkelveg frå Haugekrysset til Bøvegen. Reguleringsplanen er vedteken, så då kan vi ta grunnavståing, noko som Statens vegvesen har lova at dei skal gjera for oss, men dei sa i fjor haust at dei ikkje hadde tid før i år, forklarte kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås.

I påvente av gang- og sykkelvegen ønskjer kommunen å etablera ein provisorisk turveg på strekket til den regulerte løysinga er på plass.

– Då vil vi ha eit godt tilbod til alle ungane som kjem over der i mellomtida.

Men også til den treng kommunen hjelp av vegvesenet til grunnavståinga.

Tjosås var i januar på ny i kontakt med vegvesenet, men fekk ikkje meir positiv respons då.

–Då var svaret at dei ikkje har kapasitet til å gjera det i 2017. Vi har ein dialog på at vi kan forskuttera det, men der står saka. Eg purrar når det høver seg, lovde kommunalsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.