Lokal | 16. sep. 2019

Gangbru ved kloster-ruinane tatt av flaum

Skal du til Lyshornet på tur? Då må du gå denne omvegen.

Gangbru ved kloster-ruinane tatt av flaum
Her seglar gangbrua med bekken som renn forbi kloster-ruinane. (Privat bilde, foto: Christa von Erpecom)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. sep. 2019 13:13

Bildeserie:

Her kan du gå fram til ny bru er på plass. (Google Maps)
Her kan du gå fram til ny bru er på plass. (Google Maps)
Brua var rusta opp i sommar, men blei for første gong vaska vekk. (Privat bilde, foto: Christa von Erpecom)
Brua var rusta opp i sommar, men blei for første gong vaska vekk. (Privat bilde, foto: Christa von Erpecom)
1 av 2
Her kan du gå fram til ny bru er på plass. (Google Maps)
Brua var rusta opp i sommar, men blei for første gong vaska vekk. (Privat bilde, foto: Christa von Erpecom)

Dei store nedbørsmengdene i helga har ført til uvanleg høg bekk forbi Lysekloster-ruinane.

Vassmengdene har ikkje berre rive gangbrua frå ruinane til stien mot Lyshorn, brua segla over 250 meter nedover i bekken.

– Brua er gamal, men blei pussa opp i sommar. Den har blitt prega av vassmengder tidlegare, men så vidt eg kjenner til har den aldri blitt løfta opp og vaska vekk på denne måten før, seier Christa von Erpecom.

Grunneigar er i dialog med Os kommune om å få ny gangveg på plass i det populære turområdet.

– Det vil nok uansett ta litt tid, og i mellomtida er turgåarar velkomne til å gå via hovudgården til løypenettet. Med mindre dei vil hoppa frå stein til stein i bekken, seier Christa.

Sjå vedlagt kart med markert turveg frå parkeringsplassen ved ruinane og inn til turstiane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.