Lokal | 11. juli 2018

Går 3500 km for kreftsaka

Anne Margrethe Løvoll har kreft med spreiing. No har ho lagt ut på sin livs vandretur, frå Bergen til Finisterre i Spania for å samle inn penger til kreftforsking.

Går 3500 km for kreftsaka
Anne Margrethe Løvoll har lyst til å kjenne på kroppen kor langt det er frå Bergen til Spania og i tillegg samla inn penger til kreftforskinga (privat foto/google maps)
Andris Hamreonsdag 11. juli 2018 13:31

Våren 2013 oppdaga Anne Margrethe Løvoll at ho hadde brystkreft. Ho blei raskt operert og sett på cellegift. Ho var førebudd på eit tøft år, men at ho skulle bli frisk igjen.

Slik gjekk det ikkje, nesten eitt år seinare, midt i cellegiftbehandling, blei det oppdaga spreiing.

– Per i dag får eg det som blir kalla livsforlengande behandling. Kor lenge eg har att veit eg ikkje. Gjennomsnittleg statistisk levealder med min diagnose er seks til tolv år, fortel Anne Margrethe Løvoll.

Håper forskinga finn kur

Løvoll fortel at ho ikkje har ein aggressiv kreftform, medisinsk sett, men at det per i dag ikkje finst ei kurerande behandling.

– Mi kreftform er hormonbasert og seintvoksande. Men den er heilt klart aggressiv nok for meg siden den har spreidd seg. Mykje forskning om hormonbasert brystkreft kan også overførast til annan hormonbasert kref, til dømes prostdatakreft. Kreftforskinga gjer store framskritt i desse dager, og eg har eit håp om at ein i nær framtid vil finna ein kur for meg og mine likesinna.

Finna ei meining i det meiningslause

Ho fortel at motivasjonen for turen ho no har lagt ut på, frå Bergen til Fisterre (tydar verdens ende, journ.mrk) i Spania er både å samle inn penger til kreftforskinga, men også å gi håp og mot til kreftramma og deira næraste.

– Eg har lenge ønskt å finna ein måte å gje noko tilbake og samstundes skape noko meiningsfullt i det noko meiningslause som å leve med kreft.

– Turen er mitt livs tur. Eg reiser aleine, kun meg og ryggsekken. Eg starta frå Bergen med Fjordline til Hirtshals, kor eg var så heldig å få gratis oppgradering frå sovestol til utvendig lugar.

– Frå Hirtshals er planen å vandre gjennom Danmark på Hærvejen, den gamle handels- og pilgrimsruta mellom nord og syd. Vidare på vandreruter gjennom Nord-Tyskland og langs vestkysten i Nederland, sørover gjennom Belgia og Frankrike før eg kjem inn i Nord-Spania og tek rett vestover til eg når Finisterre.

Skal heim i bryllup

Når Midtsiden snakkar med ho er ho kome til den danske byen Løgstør ved Limfjorden.

– Det er ein nydeleg by kor det skal vera blåskjellfestival i helga, så det er litt vanskeleg med overnatting, men det ordnar seg.

– Korleis har turen vore så langt?

– Eg må innrømma at det har vore litt strevsomt. Eg fekk gnagsår, men gjekk på vidare. Det burde eg ikkje gjort, så eg var ein tur på legesenteret i går for å få dei til å sjå på det. Dei gav meg to dagars-gåforbod, men no kjem det seg, så i morgon er planen å ta ei etappe på ca 15 kilometer.

– Kor lang tid planlegg du å bruke på heile turen?

– Det veit eg ikkje. Eg har returbillett til Bergen den 27. august, for dottera mi skal gifte seg, så då må eg jo vera der. Dessuten er eg jo under aktiv behandling for kreftsjukdommen, så eg må uansett heim til kontroll kvar tredje månad.

– Kor lang tid eg kjem til å bruke på å krysse Europa er ikkje godt å seie. Eg får gjera som ein seier på Os «Det er berre å ta tida til hjelp».

Tek gjerne selskap

Etterkvart som ho får gått seg i form er planen å gå omlag 20 kilometer for dagen alt avhengig av dagsformen.

– Om nokon føler seg sprek eller eventyrlysten, så er det berre å bli med. Send meg ein e-post via bloggen min, så finn vi ut kor vi skal møtast og går eit stykke av vegen saman, avsluttar Anne Margrethe Løvoll.

Har du lyst til å følgje Anne Margrethe eller gje eit bidrag til kreftforskinga, så kan du gjera det på bloggen hennar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.