Går i gang med massevaksinering igjen
To aldersgrupper skal få fjerde dose.


Onsdag 23. februar, 13 månadar etter første runde i Oshallen og på Fjord'n Senter, var siste dato for massevaksinasjon mot koronaviruset.
I neste veke, ganske nøyaktig eit halvt år seinare, går Bjørnafjorden kommune i gang igjen.
– Vi startar opp att med massevaksinering av begge desse aldersgruppene i Oshallen og Fjord'n senter onsdag 24. august og onsdag 31. august, opplyser kommunen.
FHI anbefaler no fjerde dose koronavaksine til alle personar over 65 år, i tillegg til dei over 75 år.
Ifølgje VG/FHI si oversikt har det vore 18 nye smittetilfelle i Bjørnafjorden dei siste 14 dagane, og trenden er stigande.
Det må vera minimum 4 månader sidan sist koronavaksinedose, og minimum 3 veker sidan gjennomgått koronainfeksjon.
Dersom du er over 65 år og ønskjer fjerde vaksinedose, kan du bestille time til massevaksinering. Du kan også berre møta fram, men då kan det bli noko ventetid.
Å motta fjerde dose på apotek eller hos fastlege er også framleis mogleg.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.