Går i lufta for Os-songen

– Det er personleg for meg å laga video til denne songen, og lærerikt å gjera det saman med Varde, seier regissør Rolv Lyssand Bjørø.

Klipp til video til Os-songen blei fredag spelt inn med røykmaskin og drone i Lyse kloster-ruinane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. juli 2015 20:52

Bildeserie:

Også varaordførar Marie Lunde Bruarøy syng på Os-songen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Skorpen er dronepilot, Anders Fløysand (t.h.) styrer kameraet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Regissør Rolv L. Bjørø (t.h.) samarbeider med sambygding Fløysand for første gong. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svein Atle Breistein, Ole Amund Gjersvik og Steinar Lyssand poserte i ruinane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Carina serverte naturlegvis Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fredrik Dahle Kristiansen er blant solistane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Også varaordførar Marie Lunde Bruarøy syng på Os-songen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øystein Skorpen er dronepilot, Anders Fløysand (t.h.) styrer kameraet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

Det nærmar seg slepp av nyinnspelinga av Song til Os. Artistdugnaden er nesten over, onsdag går alle lydspor til miksepulten – parallelt er det innspeling av video til låta.

– Vi har hatt tre dagar med filming og eg reknar med at det er fem igjen, seier prosjektleiar Carina Blålid.

Fredag var filmteamet med nokre av musikarane og vokalistane i Lyse kloster-ruinane for å spela inn.

– Eg føler meg veldig heldig som har fått med både Varde og Bjørø til å ta dette på dugnad, dei er både dyktige, effektive og har utruleg fin humor, synest ho.

Morfaren sin melodi

Regissør Rolv Lyssand Bjørø, som i vinter hadde ein kortfilm som forfilm til Interstellar, og i juni hadde neste prosjekt vist på Bergen Kino, har eit ekstra tett band til Os-songen.

– Dei fleste i Os har sikkert kjensler for låta. I tillegg er det litt personleg for meg å laga video til ein melodi morfar har skrive. Eg synest det er eit veldig fint initiativ og ei utruleg flott samatsetting av artistar som er med på dette.

– Det er også med ein porsjon ærefrykt eg takka ja, først til å hjelpa til, så til å ta regien saman med Anders Fløysand frå Varde. Vi skal visa god stemning og ikoniske plassar i Os, og vi har plass til mykje, men ikkje til alt.

– Samtidig gjer vi dette på dugnad innanfor ganske korte tidsrammer.

Lærerikt samarbeid

Både Bjørø og Fløysand har vore i filmbransjen i fleire år, men osingane har ikkje jobba saman før.

– Varde imponerer meg. Både duoen med fotograf Anders Fløysand og dronepilot Øystein Skorpen, og det utstyret og kompetansen dei har bygd opp.

– Eg har jobba lite med drone før, så dette blir ein ekstra lærerik sommar for min del. Samtidig er det kjekt å bli kjent med filmfolk i eigen heimbygd.

Nye perspektiv

Varde har dei siste åra spesialisert seg i fleire retningar, og har med Varde Solutions som paraply delt verksemda i fire grupper; film og media, aerial (drone), fotostudio og dynamics (teknologi).

Med fleire store, profesjonelle dronar - og alle nødvendige lisensar og forsikringar for kommersiell drift med RPAS, har dei blant anna hatt fleire oppdrag for BBC.

– Drone er ikkje berre eit godt verktøy når du skal ta flyfoto, i mange samanhengar er det eit godt alternativ til kran. Det er ikkje alltid vi flyg høgt med dronen, seier Anders.

– Men til Os-songen blir det ein del flott bilde frå lufta, og dronepilot Øystein har vore litt i seglfly over Os, og veit om perspektiv og vinklar der Os tar seg ekstra bra ut.

– Tida er knapp fram til lansering på Osfest, men eg håper vi skal få gjort mange og gode nok opptak til at videoen står til den fine songen, seier Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.