Går mot nedbemanning
Grunna svekka marknad må Rolls-Royce på Ulven truleg redusera arbeidsstokken.
– Nedgangen i kontraheringer (bestilling/kontraktskriving) av nye båtar i handelsflåten, som er vår viktigaste marknad, gjer at vi truleg må kutta ein del i arbeidsstokken, seier administrerande direktør Olav Inge Søreide hos Rolls-Royce Marine AS Steering Gears – Frydenbø.
Talet på kontreheringer er no cirka 1/4 av 2007.
Søreide har jobba ved gir-fabrikken på Ulven i 16 år, sidan 1999 som leiar.
– Dette er første nedbemanninga vi tar sidan vi i 2000, som følgje av asiakrisa, måtte kutta.
Fleire allmannamøter
Leiinga ved Rolls-Royce har følgt ekstra nøye med på marknaden og situasjonen i firmaet gjennom året, og samtidig prøvd å ha ein mest mogleg open dialog med dei tilsette.
– Vi har hatt fleire allmannamøter, seinast i førre veke, seier Søreide.
– Alvorleg for dei det gjeld
Det er førebels uvisst kor mange av dei 138 ved fabrikken som må gå.
- Det er det vi sit med no. Vi har førebels ikkje bestemt kor mange eller kven som må gå, eller om vi vil permittera eller seia dei opp.
Søreide reknar ikkje med at det blir redusert med fleire enn 10 tilsette.
– Nokre av dei er også i ferd med å nå pensjonsalder, at vi får ein naturleg avgang på nokre av dei.
– 10 av 138 er kanskje ikkje så mange, men det er ikkje kjekt og det er naturlegvis alvorleg for dei det gjeld.
Søreide seier avgjerdene om omfanget av nedbemanninga truleg vil bli fatta om ei veke eller to.