Korona | 28. apr. 2022

Går ned til to dagar i veka

Reduserer opningstidene på teststasjonen i Kolskogen.

Går ned til to dagar i veka
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2022 09:29

Bjørnafjorden kommune reduserte opningstidene på teststasjonen i Røde Kors-huset noko i overgangen frå mars til april, og reduserer yttarlegare frå 1. mai.

Dei nye opningstider ved teststasjonen i Kolskogen frå 1. mai er:

Måndag og torsdag klokka 13.30 til 15.30.

Test- og vaksinetelefonen vil vera open i same tidsrom, og du kan henta sjøvtestar der. Utanom opningstida vil teststasjonen ikkje vera bemanna.

Teststasjonen i Eikelandsosen har ope for testing etter avtale på ettermiddagstid.

4 nye tilfelle i går

Ifølgje VG si oversikt blei det påvist 4 nye smittetilfelle i går.

Til saman dei siste 14 dagane er det påvist 30 positive covid-19-testar i Bjørnafjorden kommmune.

Hugsar du kor mange smittetilfelle vi hadde per veke då vi frå veke 6 til 8 var øvst på smittetoppen?

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les ògDen siste koronarapporten

Forlenger avtalen

– Sjølv om pågangen til teststasjonane for tida er liten, er kommunen forplikta til å oppretthalda kapasitet til å PCR-testa éin prosent av innbyggarane per veke, opplyser informasjonsavdelinga.

Dette betyr kapasitet til å ta om lag 50 testar i døgnet.

Bjørnafjorden kommune har derfor forlenga leiga av Røde Kors-huset i Kolskogen med seks månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.