Lokal | 02. okt. 2019

Går under radaren - i over 60 knop

Kystkorvetten «Glimt», som besøkte Os hamn tysdag, var verdas raskaste marinefartøy då skipet var nytt.

«Glimt» er på øving i og rundt Bjørnafjorden. I går kom den innom Os for ein pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. okt. 2019 06:57

Bildeserie:

Kystkorvetten «Glimt». (Foto: KVB)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Foto: KVB)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
1 av 4
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Lesarbide, foto: Rolf Lunde)
Kystkorvetten «Glimt». (Foto: KVB)

Med Osøyro i siktet: Marinefartøyet «Glimt» var tysdag ettermiddag innom Os hamn.

«Glimt» er ein av seks kystkorvettar i Skjold-klassen, bygd i Mandal, og var verdas raskaste serieproduserte marinefartøy då det blei sjøsett (seinare kom Special Forces Interceptor, WP-18 i Abu Dhabi, som klarer 65 knop+).

«Glimt» og «Gnist» er dei nyaste, sjøsett i 2012 begge to.

Øver heile veka

– Vi driv styrkeproduksjon, rutinemessig øving av soldatar. Dei var innom Os rett og slett berre for ein pause, fortel major Elisabeth Eikeland.

I dag er båten i Bekkjarvik.

- Øvinga går frå måndag til fredag, så det er mogleg at den blir synleg i Os fleire gongar denne veka.

På ei luftpute

«Besetningen kan spise frokost i Bergen og middag i Tromsø», skreiv Teknisk Ukeblad då båten var ny.

Skjold-klassen er væpna med Naval Strike Missile (NSM) som hovudvåpen. Dei blir kalla «kystkorvettar», og har ikkje torpedoar, men tilhøyrer likevel MTB-våpenet (missiltorpedobåt).

Dei spesielle båtane har radaravvisande katamaranskrog i glasfiber, og i fart beveger katamaranskoroget seg på ei luftpute.

Korvettane treng ikkje mykje vatn under kjølen for å koma seg på fram, og kan gi bistand til spesialstyrkar på oppdrag i kystsonen. Eller hjelpa til med søk- og redningsoperasjonar.

«Glimt» og Skjold-klassen:
Lengde: 47,5 meter
Breidde: 13,5 meter
Deplasement: 273 tonn
Besetning: 21 personar
Fart: 47 knop i transitt og maksimum over 60 knop.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.