Som ein del av Vestlandsturneen til Hans Majestet Kongens Garde legg dei turen til Os torsdag 3. juli. Det heile startar med oppmarsj frå torget til parkeringa ved Os næringspark, kor dei held drilloppvisning.
– Vi gleder oss til å leggje ut på årets turné.
– Kvart år vitjar vi ein landsdel i Noreg, og i år har turen kome til Vestlandet, fortel oberstløytnant Ole Anders Øie, sjef for Hans Majestet Kongens Garde.
Musikk- og drillgardistane utgjer eit eige kompani i garden. Dei seks andre kompania består av vaktgardistar som er på væpna vakt rundt dei kongelege residensane og som beredskap for politiet i krisesituasjoner.
Lovar spektakulært show
Showet på Os er, som dei andre, gratis å sjå på.
– Dette blir eit høgdepunkt for oss.
– Eg håpar det blir mange gode opplevingar både for oss og dei som kjem for å sjå på, seier kaptein Jan Erik Synnes, kompanisjef for musikk- og drillkompaniet.
Noko eige å sjå dei «live»
Oberstløytnant Øie oppfordrar store og små til å koma til Os sentrum torsdag om vel ei veke.
– Dei fleste har nok eit forhold til gardistane frå 17. mai, der dei masjerer opp Karl Johans gate i Oslo.
– Det er ein veldig flott tradisjon, men å sjå 3. gardekompani si drilloppvisning med eigne auge er ei oppleving som ikkje kan måla seg med noko man har sett på TV.
Trenar meir enn toppidrettsutøvarar
Garden er verdsberømt for sin rytme, presisjon og eleganse.
– Det som er ekstra imponerande er at dette er vernepliktige soldatar som har mindre enn eitt år med trening bak seg.
– Men til gjengjeld trener dei meir enn mange toppidrettutøvarar gjer i løpet av det året dei er inne til førstegongsteneste, avsluttar gardesjefen.