I desse områda er det registrert grågås i Os kommune. (Skjermdump: Os kommune)

Gås på menyen i formannskapet

Ein plan om korleis handtera den aukande bestanda av grågås i Os og Fusa skal no ut på høyring.

image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Bakgrunnen for saka er det rådgjevar ved Bjørnafjorden landbrukskontor, Johan Bergerud, kallar ei monaleg utbreiing og tal gås i Os og Fusa.

Gåsa vart først observert på desse kantar tidleg på 2000-talet.

Ufordrande fugl

Landbrukskontoret skriv i sakspapira at dei har hatt utfordringar med gås, og at behovet for ein forvaltningsplan no er stor.

Gardbrukarar med dyrka mark som ligg mot vasskanten opplev skadar på enga grunna gås.

Det vert òg meld inn at gåsa regelrett skit ned badeplassar i dei to kommunane.

Bergerud meiner at trongen for ein forvaltningsplan er stor.

Noko av grunnen til at ein no har fått på plass ein plan, er at kravet til friområde for gås ikkje lenger er like strengt.

Det vert òg akseptert at kommunar lagar planar som legg opp til ein reduksjon av gåsebestanden.

Jaktsesong utan effekt

Jakttida for gås er frå 10. august til 23. desember.

På same tid startar gjerne haustrekket til gåsa, så Bergerud og landbrukskontoret meiner det difor er vanskeleg å få noko effekt ut av jakta.

Fylkesmannen kan opna for jakt på innmark 14 dagar tidlegare enn 10. august for kommunar som har laga seg ein forvaltningsplan for gås.

Vil ha planen ut på høyring

Landbrukskontoret i Bjørnafjorden har no laga ein forvaltningsplan som dei vil senda ut på høyring.

Fusa bondelag, Os Bondelag,  Midthordaland bonde og småbrukarlag, Fusa jakt og fiskelag, Os jakt og fiskelag og Fylkesmannen i Vestland vil då alle få moglegheita til å komma med sine innspel.

– No er eg spent på kven som er gåsepolitiske talsmenn for dei ulike partia

Slik opna ordførar Terje Søviknes debatten om formannskapet skulle stilla seg bak landbrukskontoret sin forvaltningsplan.

Helge Steinum (Ap) oppmoda formannskapet å gripa om planen no. Samstundes stilte han spørsmål om kor administrasjonen såg føre seg at det skulle vera friområde for gås i Bjørnafjorden.

Marie L. Bruarøy (H) meinte at områda, ja, dei finn gåsa sjølv.

Bruarøy gav vidare honnør til landbrukskontoret for planen, og ho trakk liner til korleis det har sett ut i Mobergvikjo dei siste åra, kor det enkelte plassar ikkje er farbart grunna store mengder gåse-skit.

Les òg: Skit ned Mobergvikjo

Kva med planen om hjorten?

Nils Anders Nøttseter (MDG) ville veta korleis det stod til med forvaltningsplanen for hjort;

– Den planen er frå 2010, og slik eg opplev det, er problemet med hjortebestanden aukande. Er det på tide at vi ser på den planen òg?

Søviknes stadfesta den samme oppfatninga i sin replikk; 

– Eg høyrer frå både Fusa og Os at hjortebestanden er aukande.

Planen i korte trekk

• Os kommune og Fusa kommune ønskjer ein bestand på 20-25 hekkande par i dei to kommunane samla sett. Fordelt på dei ulike lokalitetane vil dette sei 2-3 hekkande par pr lokalitet. Fleire av lokalitetane har i dag 8-12 hekkande par. Tal ikkje-hekkande fugl skal haldast på lågt nivå.

• Os kommune og Fusa kommune skal medverka til at det kan utøvast jakt på grågås som kan gje eit friluftstilbod til ålmenta og eit økonomisk bidrag til grunneigarane. Inntekt frå sal av jaktkort kan vera med å førebygga eller kompensera for beiteskadar og sikra driftsgrunnlaget for gardbrukarane i dei skadeutsette områdane. Enkeltbrukarar skal ikkje påførast urimelege økonomiske eller arbeidsmessige ulemper.

• Tidlegare jaktstart og sanking av egg. Det vert fastsett ei føresegn for Os kommune og Fusa kommune om tidlegare jaktstart på grågås, 26.juli. I føresegna vert det òg opna for seinare eggplukking. Det vert utarbeidd retningslinjerfor organisering og registrering.

• Det vert jobba vidare for å oppretta friområde for gås på éin eller fleire plassar i kommunane. Tiltak med å setja opp gjerde mellom innmark og vatn. Gjerding vert gjort med nettinggjerde for å halde gås med ungar på avgrensa område. 

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å senda forvaltningsplanen for gås ut på høyring.

Fleire saker