Næringsliv | 24. nov. 2016

Gaselle-bedrift for tredje år på rad

Samba AS er ei av årets gaseller frå Os, i år òg. Her er alle Os-selskapa som Dagens Næringsliv har kåra.

Gaselle-bedrift for tredje år på rad
Samba AS sin nyaste båt, Fox Challenger, kom heim til Os i år. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. nov. 2016 12:27

Det er ikkje berre vekst eller resultat som tel når Dagens Næringsliv kårer Gasellebedrifter.

• Sjå liste: Dei 100 selskapa i Os med størst vekst

• Sjå liste: Dei 100 selskapa i Os med best driftsresultat

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap

Dei siste vekene har Dagens Næringsliv lagt fram årets gaseller, basert på tal til og med 2015, og halde gasellekonferansar frå fylke til fylke.

Lista er rangert, på 1. plass i år, som i fjor, er Ikm Cleandrill AS frå Fjell, med 88,8 millionar kroner i omsetnad og 1816 % (!) vekst.

4 i år - 8 i fjor

I Hordaland er det i år 255 gasellebedrifter, 4 av desse er frå Os, ifølgje DN.no.

I fjor var det 8 gasellebedrifter frå Os - her er alle.

Gasellene frå Os

39. Jan Haukeland AS
Omsetnad i 2015: 14,2 mill
Vekst frå 2012: 338 %

47. Samba AS
Omsetnad i 2015: 34,4 mill
Vekst frå 2012: 196 %

87. Universal Logistics Bergen AS
Omsetnad i 2015: 18,4 mill
Vekst frå 2012: 311 %

143. Nordisk Rom AS
Omsetnad i 2015: 2,8 mill
Vekst frå 2012: 150 %

Sjå lista over alle gasellene i Hordaland på DN.no.

Skråblikk på gasellene:

Er det positivt å vera gasellebedrift? Eller er det betre med eigenskapane til eit anna dyr?

Sjå Thomas Helgesen sin standup-debut (video), der han (fem minutt ut i videoen) til Os Næringsråd kjem med eit betre alternativ!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.