Næringsliv | 11. feb. 2014

Gastronomen tar form

Det nærmar seg opning av Gastronomen, der Fisketorget heldt til. – Vi opnar også ein filial på Moldegaard, fortel John Widar Storli.

Gastronomen tar form
Rundt 3/4 av lokalet i Brugata har blitt kafé. Sjømatavdelinga er sperra av med glasvegg med dør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. feb. 2014 09:54

Kjøparane av Fisketorget Os, John Widar Storli, Brynhild Larsen og Ole Erik Jansen, er snart ferdige med ombygginga av ferskvarebutikken i Brugata i Os sentrum.

– Det har tatt tid med tekniske fag, som rør og elektro, så det blir tidlegast opning i slutten av neste veke, seier Storli.

Les òg: Bygger kafé av Fisketorget

– Men det er nok berre to-tre dagar til vi kan byrja å vaska ut og fylla på med varer.

Stor kafé og lukka sjømatavdeling

Midtsiden fekk i dag ein liten tur innom lokalet, som no, i stor grad, er bygd om frå butikk til kafé.

Kafeen tar rundt 3/4 av lokalet og får cirka 20 sitjeplassar.

– Vi har ni tilsette og no har vi vore på baristakurs. Det blir god kaffi og espressobasert kaffi på menyen når vi opnar.

Fiskedisken står på same plass, men det har kome på plass ein glasvegg med dør mellom kafeen og sjømatavdelinga.

– Det har både med temperatur, hygiene og lukt å gjera. Vi vil ha det litt kaldare i sjømatavdelinga, samtidig vil vi unngå at det kjem for mykje fiskelukt ut i kafeen.

Kortreist og eksotisk

Storli fortel at Gastronomen-eigarane har teikna avtale med rundt 30 leverandørar.

– Det finnest utruleg mange gode småskala-produsentar og vi får inn mykje spennande, blant anna meieriprodukt frå Haugesund.

– Men vi har også knytt til oss nokre utanlandske leverandørar og får for eksempel skinke frå Italia og tunfisk frå Asia.

Med filial på Moldegaard

I løpet av prosessen med ombygging i Brugata har det blitt endå eit skot på Gastronomen-stamma.

– Drivar av kafeen på Moldegaard gjev seg, så vi overtar den òg.

– Her får vi ein Gastronomen-filial, utan sjømatavdeling, men ein kafé med varer i tråd med utvalet i Os sentrum.

Det blir fokus på frukost og lunsj i sentrum, men også med ope ut på ettermiddagen.

På Moldegaard blir det ope ettermiddag og kveld, og laurdagar og søndagar, som kafé, men også med sal av brødvarer frå Colonialen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.