Lokal | 17. des. 2012

"Gatas skrekk" er borte vekk

Denne katten har vore sakna frå Halhjem i nesten tre månadar. No lover eigaren dusør i håp om å finna den langhåra hokatten.

"Gatas skrekk" er borte vekk
Ho ser nesten ut som ei lita gaupe, hokatten som har vore sakna frå Halhjem sidan starten på oktober.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. des. 2012 09:19

– Vi har prøvd alt, frå annonse i avis til facebook og flyers, men det har vore null respons, fortviler Lene Veronica Sperrevik.

Katten forsvann frå heimen sin nær Halhjem Kafé i starten av oktober.

Ho er spraglete, brun og har svarte striper. Katten er langhåra og har duskar oppå øyrene.

Katten hadde eit raudt halsband på seg då ho forsvann og ho er merka med chip.

– Vi deler ut ei finnarlønn på 500 kroner til den som finn katten vår, seier Lene, og ber dei som eventuelt har observasjonar av katten ringa på 45504742.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.