Kultur | 04. nov. 2010

- Gav ein moralsk boost

WT-Festivalen: Osingen Rolv Lyssand Bjørø kjem med tre filmar, mellom anna ein dokumentar om Lofotraidet.

- Gav ein moralsk boost
Andris Hamretorsdag 04. nov. 2010 10:25

Lofotraidet er omtala som ei av dei viktigste hendingane i starten på 2. verdskrig. Engelskmenna opplevde at tyskerane var uovervinnerlege og sleit med å få trua på at dei kunne slåast. I den settinga var det vellukka Lofotraidet 4. mars 1941 ein viktig propagandamessig aksjon frå dei allierte.

- Angrepet gav uten tvil ein moralsk boost for engelskmenna, seier regissør Rolv Lyssand Bjørø.

Bjørø, som går andre året på Nordland kunst- og filmfagskule i Kabelvåg, laga dokumentaren "Operation Claymore" då han oppdaga dei mange bunkersane, festningane og forsvarsinstallasjonane i Svolvær/Kabelvåg-området.

- Eg blei nysgjerrig på kvifor det var bygd så mange forsvarsverk nettopp her, fortel Bjørø.

Tidsvitne
Dokumentaren tek for seg hendingane 4. mars 1941, men òg korleis innbygjarane i området opplevde tida etterpå, då tyskarane skulle hemna raidet. Omlag 100 personar blei arrestert og fleire hus nedbrent.

- Etter å ha lese meg opp og snakka med historikarane på Krigsmuseet i Svolvær kom eg i kontakt med Knut.

- Han hadde opplevd raidet i 1941 og som kunne fortelja historia frå raidet og korleis tida etter opplevdes.

Knut er det raude tråden i dokumentaren der den unge osingen òg har fått tilgang på filmar og arkivmateriell frå det engelske forsvaret.

Filmen kan du sjå i Fjellheim sundag kl 19.00

Ei øving
Operasjon Claymore omtalar Bjørø sjølv som ein øvingsfilm til det han held på med no på andre året.

- I løpet av det første året laga eg alle dei tre filmane som skal visast under WT-Festivalen. Dei er egentleg alle øvingar fram mot dei to filmane eg skal laga i år som avslutning på studiet, fortel ein litt sliten regissør.

Den første av dei to avslutningsfilmane har nemlig Bjørø nett brukt meir eller mindre tre samanhengande døgn på å filma etter omlag eit halvt år med førebuingar.

- No står det berre att å klippe filmen og få lyden synkron med bileta, fortel Bjørø som gler seg å vise den på neste års WT-Festival.

Dumme måser
Dei to andre filmane Rolv Lyssand Bjørø stillar med under WT-Festivalen er den eksperimentelle kortfilmen "In Limbo" og animasjonsfilmen "Life of a seagull".

- "Life of a seagull" handlar om måser. Inspirasjonen fekk eg når eg la merke til kor dumme dei eigentleg er, fortel Bjørø.

- Kvifor skal dei byrja å skrike når dei finn fisk slik at dei andre måsene kan koma og slåss om den, i staden for å eta den sjølv?, undrast Rolv Lyssand Bjørø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.