Sport | 21. feb. 2010

Gav Løv-Ham kamp

Tverrliggarskot av Frode Buvik og skåring av Ramo Racic - Os klarte seg bra mot A-laget til Løv-Ham i dag.

Gav Løv-Ham kamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. feb. 2010 15:41

Sundag klokka 13 møtte Os Løv-Ham til treningskamp i Vestlandshallen. Løv-Ham stilte med blant anna osingane Mats Cato Moldskred og Bjørn Dahl, men det var ikkje ein divisjon i mellom dei to laga i dagens kamp.

- Dei var best i starten av begge omgangane, men hadde også periodar der vi styrte kampen. Det hadde vore like fortent om vi hadde vunne som dei, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Løv-Ham leia 1-0 til pause, men kampen enda 1-1.

Utlikna på retur
Løv-Ham skåra i 26. minutt ved å heada inn frispark frå sida. Os utlikna 9 minutt før slutt.

- Ramo skåra på retur etter skot av Stian Lunde.

- Frode Buvik hadde dessutan eit skot i tverrliggar. Hadde vi vore litt meir presise i dag så hadde vi skapt endå fleire store sjansar.

- Bit frå seg
Løv-Ham-spelar Mats Cato Moldskred fortel om ei hard treningsveke i forkant av kampen, og at han sjølv og nokre av spelarane ikkje hadde så mykje som vanleg å gje i dag.

- I tillegg gjorde vi ein del dårlege val, noko vi snakka om ein del etter kampen. Os var frampå og godt organisert medan vi ikkje gjorde ein særleg god kamp.

Løv-Ham har spelt treningskampar mot fleire av laga Os kjem til å møta i årets 2. divisjonsavdeling, og Moldskred meiner Os er det laget som bit best frå seg.

- Resultatet er ein ting, at vi går ut og tør er det eg er mest nøgd med. Det er dette nivået vi strekk oss etter, så då må vi få mest mogleg trening ut av kampen, seier Hellevik.

Os starta med følgjande lag (4-3-3): Halvard Enes, Daniel Kalstad (h.b.), Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken (v.b.), Frode Buvik, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik (h.k.), Christian Almeland (v.k.) og Tim Henrik Sperrevik på topp.

Byte: Anders Glesnes for Valvik (55, Kalstad blei då flytta høgare på banen), Christer Olsen for Kalstad (65), Ramo racic for Sperrevik og Erik Kanestrøm for Buvik (68).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.