Kultur | 24. mai 2012

Geit erstattar klovn

Festspeldagen på Oseana: Ulven og geitekillingane erstattar klovensirkuset som barneframsyning.

Geit erstattar klovn
Janne Mari Hjelle og Berit Steen ser fram til å ta imot Ulven og Geitekillingane på terrassen framfor Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 24. mai 2012 14:29

Laurdag blir det festspeldag i Oseana med mellomanna Ragnhild Hemsing, Ksenija Sidorova og Rustavi-koret. Egentleg skulle dei heile ha starta med Circus Los Amigos, men dette framsyninga har måtte gå ut grunna dødsfall.

- I staden blir det eventyret om Ulven og geitekillingane som blir barnetilbodet klokka 13.

- Framsyninga kjem framleis til å bli på utescena på terrassen, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle.

Framsyninga er bygd på eventyret om ulven og geitekillingane, det same eventyret som storsuksessen "Rockeulven" på Den Nationale Scene er bygd rundt. Ramona Sælen som spelar geitemor i framsyninga har tidlegare vist stykket for ein rekkje barnehagar i Bergensområdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.