Gifta seg i dag
Vakker vara: Varaordførar Marie Bruarøy og Per Henrik Lunde gav kvarandre sitt ja i Os kyrkje.

Bildeserie:
Klokka 14 i dag starta seremonien i Os kyrkje, varaordførar Marie Bruarøy (H) gifta seg med Per Henrik Lunde.
Brudeparet tok grunna regn imot gratulasjonane inne i kyrkja, men under takkerunden kunna bruda sin far, tidlegare varaordførar Erling Bruarøy, konstatera at vêret var i ferd med å letta.
Turen går vidare med båt til brullaupsmiddag i Aboard Kystopplevelser sitt selskapslokale vis-a-vis Museet Lysøen, medan festen blir halde i ungdomshuset Alvheim i Nordstrøno.
Ifølgje vêrmeldingane ser det ut til at både båtturen, festen og dei første «hvetebrødsdagene» blir akkompagnert med sol.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.