Lokal | 06. mars 2015

Gina vs Eirik på Beat for Beat

Soul mot rock: NRK satsar på osingar når gullrekka med Beat for Beat, Nytt på nytt og Skavlan er tilbake neste fredag.

Gina vs Eirik på Beat for Beat
Gina Aspenes og Eirik Søfteland er på kvart sitt lag når vårsesongen for Beat for Beat startar neste fredag (foto: KVB/AH)
Andris Hamrefredag 06. mars 2015 17:59

Beat for Beat, det populære musikkprogrammet med Ivar Dyrhaug, Gisle Børge Styve og Trond Nagell-Dahl, som har gått på NRK sidan 1999, er tilbake på skjermen neste fredag.

Til å opna vårsesongen har dei henta inn skikkeleg mannskap.

Gina Aspenes på lag med Adam Douglas møter Eirik Søfteland saman med Linda Kvam. Det blir soul mot rock med to gjestar frå Os.

– Det var utruleg kjekt å vera med på, fortel dei to songstjernene frå Os, som begge debuterer i programmet.

Har vore ein draum

Eirik Søfteland fortel at å vera med i Beat for Beat er ein hemmeleg draum han har bore på sidan han satt heime i stua og såg dei første programma.

– Fredagane var hellige. Beat for Beat måtte vi ha med oss og vi laga faktisk våre eigne versjonar kor vi delte ut poeng og det heile.

– Det er på mange måter ein draum som går i oppfyllelse, fortel Eirik, som får støtte frå Gina.

– Beat for Beat er eit program ein alltid har sett på og tenkt, «Søren og, der skulle eg har vore».

– Det var utruleg kjekt å få sjå korleis det fungerte, seier Gina.

Dyktige musikarar

Dei to er over seg over kvaliteten på musikarane i bandet, lagkameratane og ikkje minst dei to pianistane.

– Vi er fire skikkeleg gode vokalister som leiker oss skikkeleg saman med Gisle Børge, Trond og bandet.

– De kan vera trygge på at det blir mykje bra musikk, lover Eirik, som ikkje vil røpa meir av reportoaret enn at vi skal få stifta kjennskap med ei av dei fetaste Queen-låtane.

Programmet går på NRK 1, fredag 13. mars klokka 20.05.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.