Abid Raja besøkte Ole Bulls villa i slutten av august. (Foto: Ørjan Håland)
Abid Raja besøkte Ole Bulls villa i slutten av august. (Foto: Ørjan Håland)

Gir 9,5 millionar til Ole Bulls villa

– Vi veit at det ikkje er nok, seier Abid Raja til TV 2.

Kjetil Vasby Bruarøy
03. oktober 2020 - 14:00

Kulturminister Abid Raja fekk sjå kor stort vedlikehaldsbehovet er på Ole Bulls villa då han besøkte Lysøen i slutten av august.

– Vi skal ikkje lata dette praktbygget rotna på rot, sa kulturministeren til Midtsiden under besøket.

I dag fortel Raja til TV 2 at regjeringa vil gi 200 millionar kroner til scenar og museum i Noreg. Av desse går 9,5 millionar til Kode og Ole Bulls villa.

– Vi veit at det ikkje er nok, men eit slikt prosjekt vil ta fleire år før det er i mål. Vi skriv i budsjettet at vi vil følgja prosjektet nøye, og at vi forpliktar oss å følgja opp, seier Raja til TV 2.

I ein rapport publisert i sommar kom det fram at det vil kosta 20 millionar kroner å restaurera Ole Bulls villa etter skader av blant anna borebiller og mus.

Les meir om

Eigedom Kultur