Næringsliv | 12. jan. 2018

Gir ut premiar for over 40.000 kroner

Her er vinnarane: Det nye sentrumskortet slo godt an også jula 2017.

Gir ut premiar for over 40.000 kroner
William Lindborg kontrollerte alle korta før trekning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. jan. 2018 12:00

I desember 2016 var «Sentrumskortet» ein nytt tiltak under julehandelen, for å styrka lojaliteten til lokal handel. Rundt 5000 gratiskort blei delt ut, og mange kom tilbake ferdigstempla, for å delta i trekning av fleire premiar.

Dei som hentar seg eitt kort eller fleire, for å få eit lodd i hatten, treng å handla, og få stempel, i butikkar i Os sentrum fem gongar.

– Vi delte ut like mange kort denne jula som førre jul. Det var litt færre ferdigstempla som kom inn igjen, men vi er framleis veldig nøgde med responsen og effekten dette gir, seier leiar for Os Sentrumsforening, William Lindborg.

– Eg synest òg det er kjekt at dei fleste korta som kom inn var stempla i 3-4 ulike butikkar. Det viser at det er mange verksemder i sentrum som har hatt glede av dette.

Større premiepott

I 2016 var det samla inn premiar med samla verdi på rundt 35.000 kroner.

– Det var ingen problem å få mange fine premiar i 2017 heller, seier William.

33 butikkar gav premiar verdt til saman 41.800 kroner.

Vinnarane

Korta blei samla inn etter nyttår og no er trekninga tatt.

Også i år var det Gullsmed Eide som gav den gjevaste.

Signy Størdal er trekt ut som vinnar av ein diamantring på 5.990 kroner.

Fire andre vann premiar verdt over 2000 kroner:
• Siw S. Wagner-Larsen: Eit valfritt plagg hos Borg Vêr verdt inntil 4000 kroner
• Janicke Vedholm: Gåverkort på 3000 kroner hos Madam Ane
• Bente Risnes: Gåverkort på 2000 kroner hos Instinct
• Liv M. Kanestrøm: To stk takdusjar (utan armatur) verdt 2490 kroner hos Bademiljø - Rørleggeriet Os

Dei andre får premiar verdt frå 359 til 1699 kroner, frå andre bedrifter i sentrum.

Detaljert liste over kven som vann kva kjem på Os Sentrumsforening si side på Facebook. Dei som finn namnet sitt på lista kan kontakta butiken eller restauranten direkte, men desse får òg nummer, så dei kan kontakta vinnaren, om vedkomande ikkje har fått med seg trekninga.

Dei 28 andre vinnarane:
Elizabeth Fosse
Heidi Døsen
Ann Elisabeth Husa
Odd Gorm-Hansen
Elin Skaatun
Randi Iris Nilssen
Hanne Dahle
Annie Valle
Silje Beate Olsen
Ruth Elin A. Midtbø
Linda T. Lind
Toril Marceliussen
May Linn Vågen
Erlend Lekv
Kristina Røttingen
Anna Helene Hjelm
Arild F. Sørensen
Ingunn Bognøy
Liv Nordal
Tone Hepsøe
Astrid Breivik
Bjørg Eide
Erna N. Lekven
Åse Olsvold
Ida Kaland
Charlotte Høisæther
Margunn Skodvin Fløysand
Else Karin Abusland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.