Lokal | 20. des. 2020

Gir vekk 300 middagar - og kokk

– Romjulstreffet får seg eit løft i år, seier diakon Ingrid Vik etter den overraskande gåva.

Gir vekk 300 middagar - og kokk
F.v.: Frank Vasby Bruarøy, Ingrid Vik og Peter Moesgård utanfor Tunet, der det blir julemiddag 27. desember. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. des. 2020 09:21

Os kyrkjelyd har dei tre siste åra hatt romjulstreff med lunsj. Dette krev både planlegging og samarbeidspartnarar, og med stadige justeringar i smittevernreglane kom arbeidet i år seint i gang.

– Det var usikkert kva vi fekk til i år. Men då eit initiativ frå restauranten Havnechefen kom seglande inn døra, gjekk det fort, eg er heilt rørt, seier diakon Ingrid Vik.

Havnechefen gir vekk pinnekjøt som tilsvarar 300 porsjonar med julemat.

– I fjor jobba vi med å opna restauranten gratis for einsame og andre som hadde det litt tungt i jula, men fekk ikkje heilt til det praktiske.

– I år har òg vore eit spesielt år for restarantbransjen. Vi har hatt ei omstilling som har kosta, men som samtidig har vore vellykka, så vi ville dela litt med andre, seier kokken Frank Vasby Bruarøy.

Han eig Havnechefen saman med ekteparet Moesgård, og sendte kollega Peter Moesgård ut på tokt.

– Vi har selt unna på pinnekjøtet, men fekk tak i eit ekstra parti som vi no deler ut via kyrkja. Samtidig har ei rekkje andre samla seg om prosjektet, fortel Peter.

– Det var berre velvilje å møta! Juletreseljaren utanfor gir vekk eit tre, Os Blomsterservice stiller med juledekorasjon, Apotek 1 Os gir vekk munnbind. Kundar som Elements, Inka, PV Bygg og Byggmester Aarvik har kome inn og sponsa prosjektet, leverandør Måkestad og daglegvarebutikkane Meny og Coop stiller med ingrediensar og dessert.

Til utdeling før jul og fellesmiddag i romjula

Julematen skal både delast ut før jul og serverast i Tunet i romjula, nærmare bestemt søndag 27. desember.

– Vi har plass til 50 om gangen, og reknar med det blir to bordsete. Normalt har vi oppunder hundre gjestar på romjulslunsj, i år blir det full julemiddag, seier Ingrid.

Fredag blei det dessutan delt ut julemat til 25 familiar, i morgon skal kyrkja dela ut til fleire. Dette er til dei som vil ha til å laga sjølv på julaftan.

– Eg ser at det er mange som er flinke å hjelpa folk før jul, ikkje minst kommunen, Amfisenteret og Os Fotball, med desse gåvene og gåvekorta dei deler ut. Å også kunna dela ut mat er ei stor glede! Vi ser at fleire har vanskar med å få kjøpt inn god mat til jul, og ser kor mykje glede dette gir folk.

Den store julemiddagen neste søndag krev påmelding. Os kyrkjelyd legg ut informasjon om dette på Facebook i løpet av morgondagen, måndag.

Havnechefen stiller ikkje berre med pinnekjøtet, kokken Frank stiller på dugnad for å laga dei hundre måltida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.