Sport | 20. mars 2019

Gitte gir seg i Os-handballen

Etter 13 år på ulike nivå, dei siste 5 åra med damer senior, takkar Gitte Torp for seg når sesongen er over.

Gitte gir seg i Os-handballen
Gitte leiar Os i dei tre siste 2. divisjonskampane, så gir ho seg. Trond Budal blir verande i Os TF Handball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mars 2019 13:15

Hovudtrenar for Os sitt damelag, Gitte Torp, har varsla om at ho ikkje held fram i Os Turn Handball etter at årets sesong er over.

– Det er verken nedrykket eller arbeidet med å skilja handballen ut frå hovudlaget som er årsak, presiserer ho.

– Vi mista mange erfarne spelarar før årets sesong, eg er meir opptatt av det som skjer dei neste åra. Her ser eg ikkje heilt det grunnlaget eg i utganspunktet skulle ønskt, fortel Torp.

Frå born til senior

Ho starta som engasjert foreldretrenar for dottera Mia Torp Nielsen (fødd i 1999) sitt lag for 13 år sidan, og har halde fram i takt med dottera sin alder, som då ho i 2015, for første gong på tre år, fekk eit lag frå Os til Bringserien.

Torp har òg tatt utdanning, og er no Trener 2, og trente ei stund damer 2. divisjon og 3. divisjon saman med to J15-lag og eitt J16-lag.

Seinare var Gitte assistenttrenar for damelaget tre år under Trond Førde Eriksen, ein jobb ho etterkvart overtok hovudrolla i, det siste året med Trond Budal som assistent.

– Så vidt eg veit er Budal innstilt på å halda fram, på eit eller anna nivå, seier Gitte.

– Eg har kontrakt éin sesong til, og har sagt ifrå til styret at eg er innstilt på å stå ut kontraktstida. Kva lag eg blir involvert i etter årets sesong, blir bestemt etter diskusjon med meg og styret, seier Trond Budal.

– Gitte har vore ein kjemperessurs for Os-handballen, både sportsleg og i alt ho har engasjert seg i. Mitt inntrykk er òg at ho nyter sor respekt i det meste av spelargruppa.

Anbefaler å tilsetja nokon

Etter at ho og Budal overtok damelaget, skulle dei trena saman med Os 2, damene i 4. divisjon. Her har frammøtet vore svakt, utan at Torp veit kvifor.

– Eg synest styret har gjort ein fantastisk jobb på mange område, men meiner klubben burde hatt ein tilsett som kunne følgja opp ungdomane og foreldra endå tettare, og laga ein raud tråd på det sportslege, frå senior og nedover i aldersbestemt.

– Ei slik stilling bør òg inkludera oppfølging av trenarane og hjelp med planlegging og gjennomføring av treningsøkter, meiner den avtroppande trenarveteranen.

– Ein klubb som har gitt meg mykje

– Har du ny klubb å gå til når du no gir deg i Os?

– Eg er i dialog med nokre klubbar, og skal i eit par møter denne veka. Men eg veit førebels ikkje kva det blir til.

Ho legg til at det blir rart å forlata Os.

– Eg har utruleg sterke kjensler for Os-handballen, det er ein klubb som har gitt meg veldig mykje.

Styreleiar i Os Handball, Rebecca Lerch Dahl, synest det er trist å mista Gitte.

– Ho er ein dyktig trenar og har vore ei eldsjel i klubben. No ønskjer ho sjølv å gå vidare, og det må vi respektera. Vi ønskjer Gitte alt det beste i eventuell ny klubb, seier Lerch Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.