Sport | 07. okt. 2019

Gitte Torp til Nore Neset idrettslag

Blir utviklingsansvarleg for handball - skal i tillegg halda fram som trenar for Askøy

Gitte Torp til Nore Neset idrettslag
Gitte Torp var tidlegare trenar for damelaget til Os. No skal ho bli utviklingsansvarleg for Nore Neset Idrettslag. (Arkivfoto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 07. okt. 2019 09:33

Nore Neset idrettslag har tilsett Gitte Torp som utviklingsansvarleg i handball.

Dette skriv dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag, Eirik André Hesthamar, i ei pressemelding.

Gitte er 50 år og bur i dag på Søfteland saman med mannen sin Tore. Ho har to vaksne barn.

Sidan 2007 har ho hatt ulike trenarrollar i Os Handball, seinast som hovudtrenar for damelaga til Os i sesongen 2018/2019.

I mai 2019 overtok ho ansvaret for Askøy Handball sitt damelag i 3. divisjon. Denne rolla skal ho halda fram i.

Gitte er utdanna markedsøkonom frå BI Oslo, og handballfagleg er ho utdanna både Handballtrener II og Handballtrenarinstruktør. Dei siste åra har ho utdanna over hundre handballtrenarar i regi av Noregs Handballforbund Region Vest.

– For Nore Neset Idrettslag har det vore særs viktig å likebehandla våre to idrettar, og å få på plass ein fagleg sterk utviklingsansvarleg i handballgruppa. Saman med det sportlege utvalet skal ho arbeida med å etablera ein «blå tråd» i utviklingsarbeidet i heile handballgruppa, frå 6 år til senior. Dette arbeidet skal også samkjørast med utviklingsansvarleg i fotballgruppa, Martin Eidsvik.

Gitte har gjennom samtalane med idrettslaget vist stor entusiasme for stillinga, og gitt utrykk for at ho har tru på det vegvalet som Nore Neset Idrettslag no tek innan handballen. Ho vil tiltre stillinga så snart som råd er, og vil då gå i gang med å etablera ei handballfritidsordning og eit handballakademi i regi av idrettslaget. Ho vil også gå inn som fast medlem av Sportslegs utval handball.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.