Kultur | 05. mars 2010

Gjekk han vidare?

Vi fekk sjå Norske Talenter-deltakar Geir Magne Johnsen på skjermen i kveld, men ikkje audition eller resultat.

Gjekk han vidare?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. mars 2010 21:33

Geir Magne Johnsen har lang erfaring som trubadur, og let venane på Facebook avgjera om han skulle stilla til precast på Norske Talenter eller ikkje. Det enda med at han stilte, og allereie i første sending fekk vi sjå talenta frå Bergen prøva seg framfor juryen.

Og osingen Geir Magne dukka opp nokre gongar, også mot slutten, då han sa "ha det!" og gjekk frå Logen. Men vi fekk ikkje sjå då han song, heller ikkje resultatet.

- Eg gjekk ikkje vidare, men det var ein veldig kjekk dag, seier Geir Magne til Midtsiden.no.

Fekk skryt
Johnsen er ikkje heilt nøgd med eigen prestasjon. Han framførte låta "Gabrielles sang", frå filmen "Så som i himmelen", men klarte ikkje å synga optimalt.

- Eg var på lydprøva klokka 09.10 om morgonen, og det gjekk veldig fint. Produsentane gav meg mykje skryt, fortel han.

Men dagen skulle bli lang. Først fekk han beskjed om at han skulle på i 14-tida, og byrja å varma opp i passeleg tid. Klokka gjekk og han fekk ny beskjed om at han skulle på klokka 18.

- I 20-tida kom eg på scenen. Etter å ha stått i kulda ei stund, og med null oppvarming, følte eg meg ikkje heilt i støtet. Og stemma var langt frå varm, så eg kunne ha sunge betre enn det eg gjorde. Men publikum gav meg flott respons, og Alex Rosén gav meg tommelen opp.

Tulla med Thomas
Etter at Geir Magne presenterte seg kalla Thomas Giertsen han for Geir Bjarne. Då Alex korrigerte han sa Geir Magne til Thomas at "det er heilt OK Torbjørn". Du skal ikkje spøka med ein komikar.

- Eg har høyrt frå andre at Thomas ikkje er lurt å spøka med, og det gjekk berre to setningar ut i songen før han X-a meg. Men dei andre let meg synga ferdig.

Trass i litt formsvikt og ein feilslått vits synes Geir Magne at dagen saman med dei andre talenta var fin. Som musikar og trubadur er han også like trygg på det han held på med som før den underhaldande deltakinga i TV 2-programmet.

- Det var veldig gøy å vera med og eg møtte fleire flinke folk som eg framleis har litt kontakt med. Programleiarane er heilt supre, dei var også ein viktig del av den lange, men fine dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.