Handball | 10. mai 2023

Gjekk heilt til topps i sin første cup med sluttspel

– Ei fin avrunding på sesongen og ein super forsmak på ungdomshandballen.

Gjekk heilt til topps i sin første cup med sluttspel
Os G13 med trenarar jubla etter finalesiger i Vårspretten. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mai 2023 07:44

Laurdag vann Os gutar 13 finalen i Vårspretten.

– Dette er 2010-årgangen, som no er på veg inn i ungdomshandballen, og som etter endt seriespel no på våren fekk denne cupen som sitt første sluttspel, fortel Kjetil Lund.

Han trener laget saman med Torill Blindheim, Christian Bugge og Pål Erik Lundseng.

Det var god deltaking og rundt 20 lag fordelt på fire puljer i gutar 13-klassen.

Os vann 12-7, 18-7 og 12-3 i puljespelet. Kvartfinalen enda 14-6 over Sotra.

– Semifinale og finale blei jamnare. Vi vann med 3-4 mål, men gutane måtte verkeleg kjempa for å sikra seg førsteplassen.

Semifinalen mot Bjarg 1 enda med 9-6-siger, finalen mot Bjarg 2 enda 15-11 til Os.

Os G13: Eivind Øvrebotten Magnussen, Alan Batosz, Teodor Blindheim Nøss, Oleander Lundseng, Olav Groth-Bugge, Peter Tvedt Thuen, Pontus Mathisen, William Koldal Wold, Martin Næss, Peder Igland Lund og Storm Bagge Jelen.

– Det er ei fin gruppe på 11 spelarar. Éin av dei var skadd, men blei med for å støtta laget gjennom cupen.

– Til hausten blir vi, takka vera samarbeid med Nore Neset, nokre fleire spelarar, fortel Lund.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.