Sport | 02. feb. 2019

Gjekk som ei maskin - vann verdscup på heimebane!

– Eg har aldri gått raskare på norsk is, seier Sverre til Midtsiden. I dag reiser han til Inzell for å førebu seg til VM.

Sverre er i toppform før VM i Inzell. I går tok han sesongens første verdscupsiger, og gjekk i tet i verdscupen samanlagt når éin runde står igjen. (Foto: Norges Skøyteforbund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. feb. 2019 09:46

Sverre Lunde Pedersen ser ut til å vera i toppform før enkeltdistanse-VM i tyske Inzell neste helg.

I går gjekk han sitt femte av seks verdscuprenn, på heimebane i Vikingskipet, og tok sesongens første siger med tida 6:16.168 på 5000 meter.

– Eg har aldri gått raskare på norsk is. I tillegg blei det eit jamt løp, dei siste fem rundane kjentes lettare enn tidlegare i vinter, seier Sverre til Midtsiden.

Verdscup 5, 5000 meter:
1. Sverre Lunde Pedersen 6:16.168
2. Alexander Rumyantsev 6:19.249
3. Ted-Jan Bloemen 6:20.446

Dette lover bra for VM i veka som kjem. Sverre droppar morgondagens 1500 meter og reiser til Inzell i dag.

På cruisekontroll

Russiske Rumyantsev var i 6. par dagens første deltakar under 6.20. Sverre gjekk i 8. par mot russiske Sergey Trofimov, som landa på 9. plass.

– Eg kunne kanskje gått endå fortare om eg ikkje gjekk så store delar av løpet åleine. Samtidig gjekk eg mot klokka, og det fungerte bra. Det blei nesten skremmande jamne rundar.

Sverre gjekk tre rundar på rad på nøyaktig 29,83, altså på hundredelen lik!

Seks andre rundar var innanfor same tidel.

Leiar verdscupen

Gårsdagens siger kom tre veker etter bronsen i allround-EM. Der tok han 3. plass også på 5000-distansen.

I dei to første verdscuprundane blei det 5. plass og 2. plass på 5000 meter, i verdscup 3 var det 10.000 meter i staden for 5000 (Sverre på 5. plass), i fjerde verdscup fekk han 4. plass på 5000 meter.

Etter gårsdagens siger klatra Sverre forbi Alexander Rumyantsev og leiar verdscupen samanlagt med eitt poeng (237 mot 236) før verdscupfinalen.

Men først; VM enkeltdistansar i Inzell. Sverre går 5000 meter førstkomande torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.