Kultur | 14. apr. 2012

Gjentar Søfteland-suksessen

Eit hardt slepp: Søfteland Rock N LoL fortel om dei neste tre banda til årets festival. Eit av dei er Audrey Horne, som blei svært godt mottatt på festivalen i 2010.

Gjentar Søfteland-suksessen
Osingen Torkjell "Toschie" Rød og resten av Audrey Horne vil gjenta Søfteland-suksessen frå 2010. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. apr. 2012 06:37

Fredag 30. mars sleppte Søfteland Rock N LoL dei tre første banda til årets festival (6. og 7. juli);

Datarock, John Olav Nilsen og Gjengen og El Caco

I dag fortel dei at også Audrey Horne, Ribozyme og sjølvaste Enslaved er klare for Søfteland i 2012.

– Dette er ein hard pakke! seier festivalsjef Andreas Lindborg.

Gjensyn med Toschie & CO

Audrey Horne, med osingen Torkjell "Toschie" Rød i spissen, fekk to knallgode konsertar i Os i fjor. Både på Os Rockeklubb sin 30-årsfest i Fjellheim i februar og på opningsdagen på Søfteland Rock N LoL var det tydeleg at det blei ein varm velkomst og godt for Torkjell å koma heim litt.

– No har Audrey Horne nett vore på SXSW og dei er heldigvis klare for å koma tilbake. Det gjensynet trur vi at også publikum er veldig klare for, seier programsjef William Lindborg.

VIDEO: Audrey Horne frå Rock N LOL 2010

Kjemisk reaksjon?

Ribozyme, som ifølgje Wikipedia er "an RNA molecule that enables it to catalyze a chemical reaction", er også eit bergensband danna i 1998, som i februar gav ut sitt femte album, kritikarroste Presenting the Problem.

– I mars var Ribozyme support for El Caco på deira turné. Derfor passar det veldig bra at dei også på Søfteland drar opp stemninga før El Caco skal på scenen.

– Eg var på sleppefesten til Ribozyme i vinter, og det var knallfett. Ribozyme opna også Infernofestivalen, som blei arrangert før påske, seier Andreas.

VIDEO: Ribozyme musikkvideo

– Ei ære å ta imot Enslaved

Enslaved, som av mange blir sett på som eit av dei aller viktigaste norske metalbanda, blei danna på Sveio i 1991.

Bandet har vunne fire spellemannsprisar, blitt nominert til yttarlegare to, og har gjeve ut elleve studioalbum.

– Dette er eit band vi i Rock N LoL har vakse opp med. Det er ei stor ære at dei kjem til festivalen vår, seier William Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.