Lokal | 11. jan. 2017

Gjer det enklare å selje bilen

Vegvesenet gjer prosessen med selje og kjøpa bil enklare på nett.

Gjer det enklare å selje bilen
Heidi Øwre er nøgd med å kunna tilby bilkjøparar ein fullverdig digital salsmeldingsløysing. (Foto: Henriette Ekren Busterud, vegvesenet)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2017 11:56

I 2015 lanserte Statens vegvesen salsmelding på nett. Så langt har over 150 000 salsmeldingar funne vegen over nettet.

No gjer dei prosessen enno enklare, ved at du også kan betala omregistreringa direkte i tenesten.

– Å levera salsmelding og registrera bilen på nette er den raskaste og tryggaste måten å selje og kjøpa bil på. Det er ikkje lenger naudsynt å senda vognkort del 2 i posten eller å møta opp på ein trafikkstasjon for å få din nye bil lovleg på vegen, seier seksjonssjef Heidi Øwre i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Guider deg gjennom det

Vel èin million køyretøy skiftar eigar kvart år.

– Mange er kanskje usikre og veit ikkje heilt kva dei skal gjera. Papirmølla kan synast voldsom og begrep som salsmelding og omregistering kan vera ukjend. I nettenesten vår på vegvesen.no blir du leia gjennom prosessen steg for steg. I løpet av få minutt kan du stå med eit midlertidig vognkort i handa og den nye bilen din er fiks ferdig registrert og lovleg å køyra, forklarar Øwre.

Ho minner deg òg på at du bør sørgje for å ha ei kjøpskontrakt. Dette finn du mellom anna på heimesida til Forbrukerrådet. Sel du bilen er det viktig at du sikrar at betalinga er gjennomført før du gir frå deg nøklane.

Slik gjer du det

I korte trekk består prosessen av tre delar.

  • Selgar starter den med å senda ei salsmelding til kjøpar via «Din side» på vegvesen.no
  • Kjøpar må deretter logga inn på si side og godkjenne salsmeldinga.
  • Kjøpar får opp status for omregistrering og ein oversikt over kva som må vera i orden for å få vognkort og å kunne ta køyretøyet i bruk. Ein av desse tinga er omregistreringsavgifta som no kan betalast med éin gong inne i tenesten. Ver klar over at du ikkje kan nytta kredittkort.

Om du i staden ønskjer kan du framleis levera salsmelding og vognkort del 2 på trafikkstasjonen eller senda det i posten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.