Lokal | 20. apr. 2010

Gjer klar for Poker Run

I fjor blei det avlyst, i år stiller truleg tre båtar frå Os i Bergen Poker Run.

Gjer klar for Poker Run
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. apr. 2010 11:47

Laurdag 19. juni kan du igjen sjå Bjørnefjorden full av hestekrefter. Bergen Poker Run, som har gått frå Bergen til Bekkjarvik fleire år på rad, blei avlyst i fjor etter at ein av arrangørane i Bergen var involvert i ei alvorleg ulykke i Stavanger Poker Run.

- Eg får ny motor i neste veke, og har planar om å stilla, seier Eirik Haugland.

200 nye hestekrefter
Eirik var som Anders Arefjord også med i førre poker run, i juni 2008. Haugland kjører med ein Arriva, Arefjord med verdas raskaste rib, Rib Cat 38.

- Anders held på å montera motoren han fekk i fjor, eg oppgraderer frå 600 til nærmare 800 hestekrefter med motoren eg får frå Skinne Racing i Østfold, seier Eirik.

Tre frå Os
I tillegg til Haugland og Arefjord ser det ut til at også Johannes Heidal blir blant dei 20 båtane i årets poker run.

- Heidal har ein Wellcraft Scarab med 660 hk diesel som han vil stilla med, fortel Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.