Hans Marius Johnsen gjer som Iron Maiden - vert ølbryggar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Gjer som favorittbandet Iron Maiden - lanserer sitt eige øl

Hans Marius Johnsen, og kjend som HM Johnsen, vart oppmoda om å laga sitt eige øl. I dag vart det lansert med minikonsert i Os næringspark.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tidlegare i dag opna Bjørnafjorden Bryggeri sitt eige utsal, noko som resulterte i kø ut døra.

 Tarjei Øiestad Skeie frå bryggeriet fortel at etter pangopninga har det vore jamnt og trutt med folk innom i heile dagen. 

Dobbelt så gøy!

Klokka 17.00 var det klart for nok ei lansering;

– I dag er faktisk det dobbellansering sidan vi no i tillegg er klare med Hans Marius sitt eige øl, fortel Skeie.

–Hans Marius har sjølv vore delaktig i heile prosessen, og han har spelt inn sine ønskjer om korleis ølet skulle bli. Han var i tillegg med på ei 6-timars økt her på bryggeriet.

– No er det stas for oss at han kjem hit og speler for oss og for kundane våre!

Var klar på at det skulle vera lokalt

Hans Marius er ein mann med mange jern i elden, men at han skulle bli ølbryggar var heller litt tilfeldig;

– Eg var på besøk hos 7Fjell i Bergen, og eg vart gjenkjend av ein som jobbar på det bryggeriet. Han var i meg og sa at eg burde jo ha mitt eige «artist-øl». 

– Eg kjende allereie til at favotittbandet mitt, Iron Maiden, dei siste åra har lukkast med å brygga godt øl med deira namn på, så kan dei - så skal eg, tenkte eg. 

Hans Marius fortel at han frå dag èin var klokkeklar på at ølet skulle bryggast i Os.

– Ein kjapp telefon til Tarjei, og så var vi i gong.

Folkeleg øl med grapefrukt

– Eg ville at ølet mitt skulle vera tufta på det, som fram til i dag naturlegvis, var mitt favorittøl.

– Dette skulle kombinerast med Madammen-ølet til Bjørnafjorden Bryggeri, eit øl eg personleg tykkjer er spesielt godt. 

Som siste ising på kaka vart ølet tilsett gode mengdar grapefrukt, noko Hans Marius understrekar var vel så sjølvsagt som naudsynt.

Nærmar seg konsert i Oseana

1. desember skal du prøva å fylla storsalen i Oseana. Korleis har billettsalet vore til no, og vert ølet å kjøpa der den kvelden?

– Billettsalet har gått bra til no, fortel Hans Marius, men sjølv om målet er utselt, har eg eit realistisk perspektiv på det å skulle fylla huset. Når det gjeld ølet, er vi på saka for å sjå om det ikkje lar seg gjera. 

Fleire saker